Dåpsskule

Dåpsskulen er eit tilbod for alle 1. og 2. klassingar, annankvart år ved Bjerkreim/Vikeså skule. 2020 var det i Bjerkreim og grunna koronaviruset blei avslutningsgudstenesta utsatt på ubestemt tid.

Kvifor dåpsskule?

Kyrkja ynskjer å hjelpe foreldre og faddare med opplæring i den kristne trua for alle døypte barn.

Gjennom dåpsskulen vil kyrkja gje borna opplæring i sentrale forteljingar frå bibelen.

frå Trusopplæringsplanen

Samlingane består av samlingsstund/bibelforteljing, song, lage teiknefilm, formingsaktivitet – eller annen aktivitet og leik.

Dåpsskulen er et tilbod for alle medlemmer av kyrkja som går i 1. og 2. klasse. Invitasjonen er sendt etter kyrkja sitt medlemsregister. Dersom ein ikkje er medlem, er ein sjølvsagt og velkommen til å vera med

Dei to siste åra har vi laga teiknefilm! Barna har teika og laga lydeffekter. Det var ein innertier for barna. Sjå teiknefilmane lengre nede på siden.