Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Gje oss forslag til sangar og salmar m.m.
Gje oss forslag til sangar og salmar m.m.
Vi vil gjerne at kyrkjelyden kan komme med forslag til sangar, salmar, og anna som me kan bruke i framtidige gudstenester

Det kan hende du vil sende inn forslag til ein bestemt gudsteneste - eller kanskje du vil sende inn forslag som me kan bruke "når det lar seg gjere". Kan hende du har vore på ein gudsteneste eller eit arrangement ein annan stad og der gjorde dei noko du vil tipse oss om. Skriv då ein mail til oss på post@bjerkreimkyrkja.no .

Me kan ikkje lova at me vil bruka alle forslag som kjem inn, men me vil lova at me skal høyra etter kva som ynskjes - og me vil prøva å etterkomma det som passar i forhold til dei einskilde gudstenestane sin eigenart og dei resurssar me er i stand til å aktivisere.

Sjå også aktivitetsoversikten vår.

Med gudstenesteordninga fra og med 2011 skal alle kyrkjelydar i landet stadig utvikle gudstenestene sine. Dine innspel (både dei du har no og seinare) er derfor ei uvurderlig hjelp for oss i det kontinuerlige gudstenestearbeidet.