Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Barnekrok i kyrkjene
Barnekrok i kyrkjene
Barnekrokane våre treng leiker

I kyrkjene våre har me nokre barnekrokar. Me treng å få litt nytt tilfang av leiker. Ve vonar at det finst nokre gjøymde eller gløymde leiker på nokre loft som gjerne har lyst til å bli leika med. Har de litt som kan brukast, ta kontakt med oss på kyrkjekontoret.

Leikar som me er på jakt etter:

¤ Lagar ikkje for mykje lyd

¤ Er gjerne i kategorien "bamse" eller "dukke" eller "bok" (bildebok, bildefortelling, fargeleggingsbok, aktivitetsbok)

¤ Er ikkje utslitt i utgangspunktet..

Me blir ekstra glade om leika har eit Bibelsk tilsnitt (jamfør t.d Noas Ark, bibelfortelling o.a)