Det er stor breidde og mange ulike aktivitetar – både for barn, ungdommar og vaksne. Det er eit godt barne- og ungdomsarbeid her. Håpar dette kan inspirera deg til å senda barna dine til slike tilbod. Her fylgjer ein oversikt over kristent arbeid.
Kyrkja sitt arbeid.
I Bjerkreim kyrkje er det gudsteneste annankvar sundag kl. 11.00. Det vekslar mellom høgmesse, G 3 og familiegudsteneste. Ein laurdagkveld i månaden er det ungdomsgudsteneste. Ein gong kvar månad er det gudsteneste i Ivesdal kapell. I Ørsdalen kapell er det gudsteneste ca. 4 gonger i året. Det er barnesamling på dei fleste gudstenester utanom familiegudstenester.
I tillegg er det G2 gudsteneste på Vikeså misjonshus kl. 17.00 ca. ein gong i månaden. Felles kveldsmat etter gudstenesta.
Tiltak innan trusopplæring som kyrkja driv:
Bjerkreim bedehus:
Minsten – kvar tysdag kl. 09.30 – 11.30. Samling for vaksne og barn i førskulealder.
Søndagsskule – dei søndagane det ikkje er gudsteneste i kyrkja.
Barnekor – 1. – 7 klasse – øving kvar torsdag kl. 17.00.
Jentelag – annankvar måndag for jenter f.o.m. 2. klasse og oppover til ungdomsskulealder.
Guttelag - Jentelag – annankvar måndag for gutar f.o.m. 2. klasse og oppover til ungdomsskulealder.
Yngres – 5.- 7. klasse - den måndagen det ikkje er gutte- og jentelag.
Fredagstreff – ope hus for ungdom annankvar fredag frå kl. 21.00 – 24.00. Tilbod frå 8. klasse og oppover.
Ein laurdag kvar månad er det ”Laurdagskveld på bedehuset” for heile familien. Folk i alle aldrar. Startar med felles kveldsmat kl. 18.00 m/ påfylgjande samling og barnesamlingar. Kaffi og kaker til slutt.
Dei ulike misjonsorganisasjonane har sine samlingar på bedehuset. Det er mange misjonsforeningar som har møter, bibeltimar, basarar m.m. Bibelgrupper og husfellesskap samlast rundt om i heimane.
For fleire opplysningar www.bjerkreimbedehus.no
Vikeså misjonshus.
Søndagsskule – dei søndagane det ikkje er gudsteneste i kyrkja.
Barnekor - Vikeså Pre-Soul children 1.- 4. klasse og Vikeså Soul children 5. – 7. klasse –- kvar torsdag kl. 17.00.
Korverttklubben – gutar i 2. – 4. klasse. Annankvar måndag.
Yngres – 5. - 7. klasse – annankvar måndag.
Fredagsklubb – ope hus for ungdom annankvar fredag frå kl. 21.00 – 24.00 – frå 8. klasse og oppover.
Dei ulike misjonsorganisasjonane har sine samlingar på misjonshuset.
For fleire opplysningar www.vikesaamisjonshus.no
Det er gutte- og jentelag og søndagsskule på Ognedal bedehus.
I Ørsdalen er det gutte- og jentelag.
Ungdomsarbeid (vekslar mellom Bjerkreim bedehus og Vikeså misjonshus.
Fokus – for unge vaksne – samling ein fredag i månaden.
Bjerkreim kr. ungdomslag – samling på laurdagar.
Bjerkreim kr. ungdomskor – øving i kulturbanken på sundagar.
Fredagstreff (Bj.bedehus) og Fredagklubb (Vikeså misjonshus).
KRIK har eit aktivt lag i Bjerkreim. Besøk gjerne nettsida www.krikbjerkreim.wordpress.com
Meir info på nettsida www.bjerkreimkyrkja.no.
Lurer du på noko, er du velkommen til å ta kontakt med kyrkjekontoret, tlf. 51201198/97 eller E-post til: post@bjerkreimkyrkja.no. Me kan hjelpa deg til vidare kontakt.