Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Ørsdalen kapell
Ørsdalen kapell
Ørsdalen kapell vart vigsla 20. august 1978. 25-års jubileum vart markert på gudstenesta 19. oktober 2003.

Ørsdalen kapell er eit kombinasjonsbygg med skule, kapell og grendehus.  Det er ikkje lenger skule i Ørsdalen.

Ørsdalen skule, kapell og grendehus vart teikna av skulesjef Lars Ramsli.

Kyrkjeskipet er på 112 m2 - delt i 2 med ei faldedør.  Det er sitjeplass til 40 + 60.
Altertavle: Enkelt trekors.
Piano.

Det er gudsteneste i Ørsdalen kapell 4. kvar sundag, bortsett frå i juli og september.

Tilsette i Ørsdalen kapell:
Leif Wikøren Nilsen - sokneprest
Eli Mari Hadland - organist
Ola Birkeland - klokkar
Tor Vassbø - kyrkjetenar