Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Vigsling av nye felt på Bjerkreim kyrkjegard
Vigsling av nye felt på Bjerkreim kyrkjegard
Sundag 31. august vart 3 av dei nye felta på Bjerkreim kyrkjegard vigsla. Den nye gravplassen har 5 felt: Felt J 113 graver, felt L 83 graver og felt Q har 30 graver. Felt P har 25 graver og felt N 9 graver. Felt N er for muslimar og felt P er for dei som ikkje ønskjer å verta gravlagt i vigsla jord.

Dagen starta med at det var gospelmesse i Bjerkreim kyrkje kl 11. Det var forsangarar og band og konfirmantane vart presentert. Etter ein snau time var gudstenesta ferdig, og det var kyrkjekaffi med laktosefrie kaker (muffins) som nokre av konfirmantane hadde laga. Eit kvarter seinare, kl 1215, var dei av kyrkjelyden som ville vere med på vigslinga av den nye gravplassen klare. Mellom andre var kyrkjeverje, ordførar, rådmann og sokneråd til stede. Me var om lag 80 mennesker totalt.

Vigsling av gravplass er ikkje akkurat dagligdags. Sist ein gravplass var vigsla i Bjerkreim var for då Ivesdal kyrkjegard var utvida hausten 2002.

Mellom anna Tim Rishton og Irene Thorberg tok bileter før, under og litt etterpå.

Etter vigslinga vandra me litt fram og tilbake og folk såg og snakka. Det nye redskapshuset var opent for anledningen og me hadde eit kart tilgjengelig som viste kor dei ulike felta på den nye gravplassen var.