Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Om kyrkja på nett og UU
Om kyrkja på nett og UU
Kyrkja sentralt har fått nytt utseende... Og kyrkja på nett for alle..

Kyrkja sentralt har fått nytt ansikt utad. Du finner den enno på http://kirken.no eller http://kyrkja.no. Me vonar at de finn fram til det de trenge.

Kyrkja sentralt har også lagt til grunn at det skal være muleg å finne fram i kyrkja på nett for alle. Difor legg dei til rette for at alle kyrkjelydar skal kunne henge seg på ein noenlunde samme mal. Eg kan ikkje sei at eg er begeistra. Mellom anna fordi https://bjerkreimkyrkja.no er tilpassa lokale behov og inneheld mykje informasjon som er viktig for oss. Ein omlegging av vår side vil både koste oss penger og tid og me må rekna med å miste både noværande fleksibilitet og automatikk. Me meiner derfor at me skal beholde noværande sider enn så lenge.

No har det også komme eit nytt regelverk frå Difi (Direktoratet for forvaldning og IKT) for universell utforming av IKT - herunder korleis nettsider kan og bør sjå ut for at alle skal ha lik tilgang på informasjon og tenester. Kravene gjelder både private og offentlige virksomheter og kan finnast på Difi sine nettsider http://www.difi.no/digital-forvaltning/universell-utforming. Difi vil føre tilsyn med at kravene blir fulgt.

Det kan se ut som at Bjerkreim kyrkjelyd må legge om sidene sine uansett - men me meiner at sidene allerede no tilfredstillar dei grunnleggande krava frå Difi. Dersom brukarar merkar at det ikkje er godt nok, så bed me om å få ein tilbakemelding på den (eller dei) aktuelle problemstillingane, og så skal eg tilpasse sidene så raskt råd er.