Verdsett at evangeliet vert fortalt til barn og unge i Bjerkreim
La dine pengar få betydning!
Me ynskjer å oppmoda deg til å gje gåve til undervisningsarbeidet i Bjerkreim kyrkjelyd.
Det er ikkje storleiken på beløpet som er det viktigaste, men at du vil støtta arbeidet - anten regelmessig eller ved ei enkelt gåve.
Kva går pengane til?
Bjerkreim kyrkjelyd driv eit omfattande og allsidig arbeid. Innsamla midlar vert brukt til undervisningsmateriale i arbeidet for barn og ungdom.
Målet er at fleire får sjå Jesus og verta inkludert i felleskapet
Korleis kan du gje?
Du kan gje ei enkel gåve fast kvar mnd., kvartal, halvår eller år. Å leggja inn fast forfall i nettbanken, er ein enkel måte å gje på. Du kan også avtala med banken din å overføra ein fast sum t.d. kvar mnd. Du kan òg få tilsend giro ved å ta kontakt med kyrkjekontoret, tlf. 51201198. Gåva kan overførast til
Bjerkreim sokneråd
Postboks 38
4384 Vikeså
Kontonummer 3344.07.11257
Skattefordelar
Vilkår for skattefrådrag er at beløpet må være minst 500 kroner i året og personnummer må oppgjevast - så hugs å opplysa kven som har betalt og personnummeret. Maks grense for skattefrådrag i 2019 er 50.000 kr.