Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Logg inn
Kyrkjelyden sitt bildealbum på nett
   Bjerkreim kyrkjekontor
   Postboks 38
   4384 Vikeså


Bjerkreim kyrkje
Ivesdal kapell
Ørsdalen kapell
Bjerkreim sokn sine arrangement Samleoversikt aktivitet i soknet Bjerkreim bedehus Vikeså misjonshus BKU KRIK Bjerkreim kommune Bjerkreimsnytt Misjonsalliansen Ecuador Andre lenker ut på nettet
Bakgrunnsbilde © Alf S. Ognedal
Snøbilete frå Stavløypa
Mandag 21. jan
Tysdag 22. jan
Torsdag 24. jan
Laurdag 26. jan
Sundag 27. jan
Mandag 28. jan
Torsdag 31. jan
Fredag 01. feb
Sundag 03. feb
Aktuelt ute på nettet:
Innhaldet i desse lenkene er frå andre nettstadar.
Maren Ueland (28) bisettes i dag: – Mine varme tanker går til familien
VG: Maren Ueland (28) ble brutalt drept i Marokko før jul. Mandag bisettes hun i Time kirke på Jæren.
– Kan komme på kant med livssynsfriheten
Vårt Land - forsiden: – Kan komme på kant med livssynsfriheten
- IS har kidnappet religionen og skapt et islamotopia, et drømmeland
Dagbladet: Drapsmennene i Marokko ble radikalisert på kort tid. - De er veden som kastes i ovnen. Små soldater som er brakt inn for å dø for en større sak, sier Ahmed Abbadi.
Månedens Landstad og Blix: Januar 2019
Presteforeninga: 2019 markeres som nasjonalt bokår. Det er 500 år siden de første trykte bøkene med norsk oppdragsgiver. Det er også 150 år siden to store hendelser i norsk salme- og bokhistorie: Autorisasjonen av Landstads Kirkesalmebog (oktober 1869) og publiseringen av den første salmesamlingen på nynorsk, Elias Blix’ anonymt utgitte hefter Nokre Salmar, gamle og nye […]
Utlysning: 5 mill. kroner i tilskudd til finansiering av private kirkebygg 2019
Regjeringen.no: I behandlingen av statsbudsjettet for 2019, bevilget Stortinget 5 mill. kroner til tilskuddsordningen Tilskudd til private kirkebygg, kap 341, post 75.
Rundskriv V-001/19 B - Tilskudd til private kirkebygg 2019
Regjeringen.no: I behandlingen av statsbudsjettet for 2019 bevilget Stortinget 5 mill. kroner til tilskuddsordningen Tilskudd til private kirkebygg, kap 341, post 75.
Halve fylket vil bevare pelsnæringa
NRK Rogaland: 13 ordførarar frå Bjerkreim, Bokn, Finnøy, Hjelmeland, Hå, Klepp, Kvitsøy, Rennesøy, Sauda, Sokndal, Sola, Strand og Vindafjord har signert oppropet for å bevare pelsdyrnæringa, skriv Nationen. 93 ordførarar tar nå til orde for å bevare næringa.
Tour of Norway fra Stavanger
NRK Rogaland: Sykkelrittet Tour of Norway starter i Stavanger 28. mai. Målgang på første etappe blir trolig i Egersund, skriver Dalane Tidende. Sykkelrittene Tour des Fjords og Tour of Norway har slått seg sammen til et ritt fra i år. Det skal gå over seks dager.
Flertall for Gaard
NRK Rogaland: Det er flertall blant biskopene her i landet for Karmøy-prost Helge S. Gaard som ny biskop i Stavanger. Ny biskop i Stavanger bispedømme skal tilsettes på Kirkerådets møte 24. og 25. januar. Også bispedømmerådet i Stavanger har gått inn for at Gaard.
Bokomtale: Vendepunkt. Gammel grunn – ny tro
Presteforeninga: Trond Skard Dokka: Vendepunkt. Gammel grunn – ny tro, Oslo: IKO-Forlaget 2018, 205 sider For bare noen dager siden stod jeg ved en sykeseng. Et dødsleie. Familien som stod rundt den døende ville vite hva jeg, eller snarere kirken, kunne fortelle om døden, om håpet om oppstandelsen og det evige liv. «Mor har alltid båret […]
1 Tim 1,12-17: 12 Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta, 13 eg som før spotta, forfølgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for i mi vantru visste eg ikkje kva eg gjorde. 14 Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus. 15 Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og av dei er eg den største. 16 Men når eg fekk miskunn, var det for at eg skulle vera den første som Kristus Jesus kunne visa alt sitt tolmod, så eg vart eit førebilete for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv. 17 Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han vere pris og ære i all æve! Amen. kilde: bibel.no
Vedtekter for gravplassane i Bjerkreim
Vedtekter for gravplassane i Bjerkreim
Jfr. Lov av 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd med endring ved lov 15. juni 2001 nr. 68 og 26. august 2011 nr. 40. Vedteke av Bjerkreim sokneråd 28.08.2013. Godkjent av Stavanger bispedømmeråd i brev av 0.101.2013 i samsvar med gravferdslova § 21, 1. ledd.

 

 

§ 1 GRAVPLASSTILHØYRING.

Alle som bur i kommunen har rett til fri grav på den gravplassen dei soknar til eller måtte ønskja.

Dette gjeld òg om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet.

Ein som bur utanom kommunen og som ikkje kjem inn under § 1, 1. ledd, kan få grav etter særskilt løyve frå soknerådet.  Den som syter for gravferda må då betala for dette etter gjeldande satsar.

 

§2 FREDINGSTID OG FESTETID.

Fredingstid for kister er 40 år.

Fredingstid for oskeurner er 20 år.

Festetida er 10 år.

 

§3 FESTE AV GRAV.

Når kistegrav vert teken i bruk, er det høve til å festa ei grav ved sida av. I spesielle høve kan det etter godkjenning i soknerådet,  reserverast 1 ekstra grav til andre nære slektningar.  Desse gravene utgjer då ein gravstad. 

Ingen kan festa grav på førehand.

Ved bruk av urnegrav, kan ein ikkje festa grav ved sida av.

Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 10 år.

Når det har gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykke frå soknerådet.

Når festa grav vert brukt på nytt, vert det ikkje kravd festeavgift i fredingstida.

Festaren skal varslast i god tid før festetida er ute.  Vert ikkje festet fornya innan 6 månadar, fell gravstaden tilbake til gravplassen.

Ingen kan gravleggast i festa gravstad utan samtykke frå festaren.  Dersom samtykke ikkje kan innhentast, kan soknerådet avgjera spørsmålet om gravlegging.

Festar pliktar å melda frå om endring av adresse og overføring av festet.

 

 

§4 GRAV OG GRAVMINNE.

Gravplassarbeidarane vil syta for planering og tilsåing av grava etter gravlegging.

På ny festa gravstad set ein opp gravminnet i bakkant av den grava som vert teken i bruk.  Gravminnet vert ståande der for godt.

Gravminnet bør ikkje setjast opp før 6 mnd. etter gravlegging av kiste.

Dekorting sjå § 5.

Gravminne skal godkjennast av soknerådet før det vert sett opp, og setjast opp i samsvar med krav i lovar og reglar gjevne av departementet.

 

§5 PLANTEFELT.

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgd med bakken omkring.  Det må ikkje vera breiare enn gravminnet.  Det kan ikkje stikka lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet. 

Det kan ikkje plantast vekstar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.  Ein kan ikkje planta på sidene av gravminnet eller på baksida.

Det er ikkje høve til å bruka fastmonterte dekorting, f.eks. lykter og figurar.  Evt.  lause dekorgjenstandar vert sett opp på eige ansvar, og skal fjernast etter bruk.

Det er ikkje høve til å ramma inn grava eller deler av den med hekk eller daudt materiale.

Plantefelt kan rammast inn med kantstein, dvs. minst tre rette steinstykke som vert lagt/sett på tre sider av plantefeltet eller liggjande plate framfor gravminnet. Både kantstein og bedplate skal flukta med terrenget omkring. I fallande terreng skal kantstein og plate trappast i høve til gravminnets fundament.

Plate og fundament skal ikkje vera same stykke.

Heil eller delt plate, med eller utan hol til plantar, skal leggjast i drenerande masse og vera 4-8 cm tjukk. Avstand frå plantehol til ytterkant av plate skal vera minst 8 cm.

Heil eller delt plate skal ha same lengde som gravminnets fundament og breidde inntil 60 cm, målt frå fundamentets bakkant.

Ved montering av heil eller delt plate, med eller utan hol til plantar, skal eigar gjennom avtale med gravplassmyndigheita ta på seg ansvar for skadar påført ved vanleg drift og vedlikehald av gravplassen.

 

§ 6 PLANTEMATERIALE.

Plantar, kransar og liknande materiale som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal vera komposterbart.

Det er festar sitt ansvar å fjerna visne blomar og kransar som er brukte ved gravferd.  Dersom det ikkje vert gjort, kan soknerådet fjerna dette.

 

§ 7 STELL AV GRAV.

Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar, har rett og plikt til å stella den grava han har ansvaret for .  Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av gravplassarbeidarane.

 

§ 8 GRAVFOND

Mot innbetaling av ein bestemt sum til eit gravfond, kan soknerådet ta på seg ansvar for planting og stell av gravstaden.  Fondet vert forvalta av kyrkjeverja.  Den innbetalte summen med tillegg av renter, skal dekkja utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid.  Det skal i kvart einskild høve opprettast gravfondsavtale.

Gravfondet kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn den fredingstida eller festetida som ligg framføre.  Dersom det oppstår slike økonomiske tilhøve i fondstida at midlane ikkje rekk til, skal fondstyraren gi melding om dette til den som er ansvarleg eller festaren.  Det er då høve til å auka fondet slik at det rekk tida ut.

Vert det ikkje auka, vil stell av grava ta slutt når midlane er brukte opp.

Dersom det er midlar att på eit fond når tida er ute, kan soknerådet nytta midlane til å gjere gravplassen vakrare.

Gravfonda vert forvalta i fellesskap, men fondstyraren fører eige rekneskap for kvart fond som vert revidert årleg.  

Det er høve til å rekna provisjon for administrasjon og revisjon av fondsmidlane.

 

§ 9 BEVARING AV GRAV.

Soknerådet kan i samråd med pårørande gjera vedtak om at graver og gravutstyr skal vernast.  Soknerådet tek då på seg ansvaret for vedlikehald av utstyr og evt. planting.

 

§ 10 BÅREROM.

Soknerådet disponerar bårerom.  Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda.  Ingen har tilgjenge utan etter løyve.  Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.

 

§ 11 NÆRINGSVERKSEMD.

Næringsdrivande som ønskjer å driva verksemd på gravplassen, skal ha løyve frå soknerådet.  Løyvet kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.  Slik verksemd kan berre omfatta montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

Gravplassbetjeninga kan ikkje mot godtgjersle utføra tenester for private eller næringsdrivande utan samtykke frå soknerådet.  Dei kan heller ikkje engasjera seg i sal av varer eller tenester som har med gravplassen å gjera.

 

Informasjon som vert send pårørande etter dødsfall, les her

 

 

Denne siden er utviklet av Leif Wikøren Nilsen © 2010-2019 for Bjerkreim sokn.
Brukerkommentarer / forslag til forbedringer/forenklinger ønskes.
Motto: enkelt - men ikke enklere Det tok 0.54 sekunder å generere siden på serveren.