DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Logg inn
Kyrkjelyden sitt bildealbum på nett
   Bjerkreim kyrkjekontor
   Postboks 38
   4389 Vikeså


Bjerkreim kyrkje
Ivesdal kapell
Ørsdalen kapell
Bjerkreim sokn sine arrangement Samleoversikt aktivitet i soknet Bjerkreim bedehus Vikeså misjonshus BKU KRIK Bjerkreim kommune Bjerkreimsnytt Misjonsalliansen Ecuador Andre lenker ut på nettet
Bakgrunnsbilde © Alf S. Ognedal
Vinningland
Tysdag 17. jul
Torsdag 19. jul
Sundag 22. jul
Torsdag 26. jul
Sundag 29. jul
Aktuelt ute på nettet:
Innhaldet i desse lenkene er frå andre nettstadar.
Katedralen i åkeren
Vårt Land - forsiden: GAMLE STEINKIRKER: Det 64 meter høye spiret på Ringsaker kirke i Hedmark viser kirkens makt og rikdom i middelalderen.
Henlegger overfall
NRK: Politiet regner med at de må henlegge saken der et homofilt kjærestepar ble slått ned på gata i Stavanger. Over én måned etter hendelsen står politiet uten mistenkte. – Vi har dårlige vitnebeskrivelser, sier avsnittsleder i politiet, Ketil Tjørhom.
Rekordoppslutning om kirkekonsertene
Dalane tidende: Til sammen har 1.130 personer v?rt p? de seks Musikkstund i kirken-konsertene som hittil har v?rt i Egersund kirke i juli.
1 Kor 16,1-4: 1 Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de følgja dei påbod eg gav forsamlingane i Galatia. 2 Første dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hos seg sjølv så mykje som de er i stand til, så innsamlinga ikkje skal byrja først når eg kjem. 3 Når eg så kjem, skal eg senda brev med dei som de finn skikka til det, og dei skal føra gåva dykkar til Jerusalem. 4 Og skulle det visa seg å vera best at eg òg reiser, kan dei reisa saman med meg. kilde: bibel.no
Lysestakar frå Ivesdal kapell vart vigsla i 1878
Lysestakar frå Ivesdal kapell vart vigsla i 1878
2 4-arma lysestakar har vore i privat eige i Egersund frå ca. 1950 fram til februar 2018. Støypejernsstakane har hatt fast plass i stova til Gerd og Tore Fotland i mange år. Nå har dei gitt lysestakane i gåve til kapellet. Så nå er lysestakane tilbake der dei kom frå.

Etter at straumen kom til Ivesdal i 1950, var Christian Fotland på gravplassen på Ivesdal. Der fann han 2 lysestakar som var kasta i ein «skrothaug». Då straumen kom til Ivesdal, hadde dei ikkje bruk for lysestakane lenger. Dei høyrde til den gamle tida. Fotland tykte dei var fine. Han spurte ein kar om han kunne ta dei med seg. Det fekk han. Etter den tid har familien Fotland hatt dei i eige og brukt dei. Lysestakane var fast i bruk i juleselskapa hos familien Fotland i Årstadgata i Egersund.

I januar fekk kyrkjeverje besøk på kontoret av Gerd og Tore Fotland. Tore er son til Christian. Dei overtok huset i Årstadgata etter foreldra hans. Nå skulle dei flytta frå einebustad til leilighet og hadde ikkje plass til lysestakane.  Derfor ville dei gje lysestakane i gåve til kapellet.

Det var ønskeleg å vita meir om stakane. Klokkar Ola Birkeland snakka med dei eldste som sokna til Ivesdal kapell. Ingen hadde kjennskap til stakane. Deretter reiste Ola Birkeland til Dalane Folkemuseum og snakka med Leif Dybing.  Han meiner bestemt at  lysestakane er frå ca. 1880. Det betyr at dei er frå kapellet var nytt. Dei har altså vore i bruk  frå 1878 til 1950 i Ivesdal kapell og frå 1950 til 2018 i privat heim i Egersund. Ringen er slutta – nå er dei på plass att i kapellet.

Denne siden er utviklet av Leif Wikøren Nilsen © 2010-2018 for Bjerkreim sokn.
Brukerkommentarer / forslag til forbedringer/forenklinger ønskes.
Motto: enkelt - men ikke enklere Det tok 1.8 sekunder å generere siden på serveren.