Kyrkja har, saman med foreldra og fadrane, ansvar for opplæring i den kristne trua for alle døypte barn. Skulen hadde meir ansvar før. Kyrkjedepartementet legg opp til at alle skal få til saman 350 timar undervisning frå dei er 0-18 år.
Bjerkreim kyrkje har ein lokal plan for trusopplæring. Me gjennomfører ulike tiltak for forskjellige aldersgrupper. Alle som er oppført i kyrkja sitt medlemsregister får invitasjonar i posten til dei forskjellige samlingane.
Likevel er det viktig å presisere at alle er velkomne til å delta!
Kvar juni sender me ut ein brosjyre kor du kan lese om dei ulike aktivitetane me gjennomfører for våre barn og unge. Følg oss gjerne på Facebook.com/bjerkreimkyrkja for å følgje med, og bli medlem av gruppa vår for dei med barn under konfirmasjonalder. Gruppa heiter Krølle & Co
Har du baby kan du bli med på babysong på fredagar.