Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Dåp i kyrkja
Dåp i kyrkja
OBS! Fra 1.10.2018 får menigheter ikkje lenger fødselsmeldingar frå Folkeregisteret. Difor vil me gjerne invitere til dåp

 

 

Foto: Pixabay.com

 

Så kjære foreldre,

Gratulerer med det nyfødde barnet! Kyrkjelyden vil gjerne dele gleda med dykk.

 

Dåpen har ein lang tradisjon i landet vårt, og dåpsdagen er for mange ein merkedag der barnet har viktige støttespelarar rundt seg. Det er ei heilag handling der Gud seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet dykkar. Gud elskar alle, alltid.

De seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. Dette er de ikkje åleine om.

 

Kyrkja seier også ja. Med stor glede ønskjer kyrkjelyden barnet dykkar velkomen som medlem i Den norske kyrkja.

- Dåp handlar altså om tradisjon, tilhøyring og tru.

- Døpte kan være faddere for andre.

- Døpte kan konfirmeres i kyrkja.

- Døpte har stemmerett ved kirkeval

 

Det er eit val å la barnet bli døypt. Det er òg eit val å ikkje la barnet bli døypt. Alle vil det beste for barna sine, og foreldra legg grunnlaget for dei vala barna sjølve skal ta i framtida.

Hjarteleg velkomne til å feire dåp i kyrkja!

Kontakt: post@bjerkreimkyrkja.no eller telefon 51 20 11 97 eller  51 20 11 98