Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Julekonsert i Bjerkreim kyrkje - Gospelkoret ABRAHAM måndag 10. desember kl. 20.00.
Julekonsert i Bjerkreim kyrkje - Gospelkoret ABRAHAM måndag 10. desember kl. 20.00.
Gamle og nye julesongar i tradisjonelle og litt nyare arrangement, utarbeida av musikalsk leiar for koret Bjarte Lending. Billettpris: kr 250 (kr 100 barn og studentar). Billettar kan kjøpast i døra. Førehandssal på kyrkjekontoret. og Ticketmaster.

Gospelkoret Abraham er eit kor med ca 30 medlemmer, kvinner og menn frå Sandnes, Stavanger og Jæren. Koret har som mål å skapa musikalsk glede for både medlemmar og tilhøyrarar, og formidlar den kristne bodskapen gjennom song og musikk. Låtane som vert framført er arrangert musikalsk leiar, Bjarte Lending, i samarbeid med kormedlemmane.

Tidligare har koret hatt prosjekt med konsertar og framført låtar av bl.a. Andrae Crouch, Bob Dylan, Sigvart Dagsland m.fl.