Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Bønekrukke
Bønekrukke
No kan du skrive eigne bøner og leggje dem i dei nye bønekrukkene i kyrkja

Forbøn er eit av dei faste ledda i gudstenesta. Dei faste formuleringane i kyrkjebønen skal romme alle livets sider. Men du kan nå og formulere spesielle bønemner. Bønekrukka er på plass i kyrkjene og plassert på eit lite bord bak i kyrkja. På bordet vil det også liggje eit par penner og bønelappar merka med «BØN» på eine sida og «TAKK» på andre sida. Før gudstenesta startar og fram til og med under salme etter preika kan du skrive di bøn og leggje den i bønekrukka. Bønekrukka vert boren fram av kyrkjeverten rett før forbøna i gudstenesten. Presten bed ei samlebøn for alle bønene som er i krukka. Og etter gudstenesta vil presten be for kvart enkelt bøneemnene og så vert bønelappane makulert.

Me håper dette vil bringe håp, trøst, styrke og velsigning til de som nyttar tilbodet.