Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Kyrkjevalet 2019.
Kyrkjevalet 2019.
Valet er fastsett til måndag 9. september – same dag som kommunestyre- og fylkestingsvalet. Det skal veljast sokneråd og bispedømmeråd/Kyrkjemøte.

Nominasjonskomitè til soknerådsvalet er på plass med fylgjande samansetting: Karl Gjedrem (leiar), Anna Elisabeth V Røynestad, Oddrunn Veen, Tone Marie Ramsli og Liv Valbjørg A Bakke. Vallista skal vera klar til 30. april. Dersom du får spørsmål om å stå på lista, håpar me du tek utfordringa! Har du lyst å stilla til val eller har forslag til kandidatar, kan du kontakta eit av medl. i nominasjonskomiteen eller kyrkjekontoret; post@bjerkreimkyrkja.no .

Det er høvde til å laga alternative vallister.

Soknerådsvalet føregår som fleirtalsval eller som forholdstalsval  dersom det føreligg fleire lister.  Forslag til alternative vallister må vera soknerådet i hende innan 30.04.2019.Nærare opplysningar om oppstilling av kandidatlister og godkjenning, får du ved å venda seg til kyrkjekontoret.

Informasjon om kyrkjevalet finn du også på www.kyrkjevalet.no.