Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
KYRKJEKONSERT - Song Cirus - torsdag 14. mars kl. 19.30 i Bjerkreim kyrkje.
KYRKJEKONSERT - Song Cirus - torsdag 14. mars kl. 19.30 i Bjerkreim kyrkje.
Vokalensemblet «Song Cirus» feirar 10 år og er på turnè med musikk inspirert av lokale folketonar. I mars er dei på kyrkjekonsertturné med urframføringa av prosjektet Graatarslagjet. Dei framfører tre verk av tre norske komponistar; Nils Henrik Asheim, Therese Birkelund Ulvo og Tyler Futrell (NO/USA). Musikken er basert på ein feleslått frå Bjerkreim med same namn. Graatarslagjet er brureslåtten som blei sørgemarsj, og den er både vakker og melankolsk. Historien seier at det var vinter, og brurefølget var på veg frå kyrkja og over vatnet, då isen brast og alle gjekk under. Ensam i overflata flaut fela, og sagnet fortel at ut av den flomma tonane frå Graatarslagjet.

Rogalands einaste profesjonelle vokalensemble feirar 10 år med Norgesturné og ny musikk inspirert av folkemusikk frå Bjerkreim. Song Circus er kritikerrost, har vore Spelemannsnominert.  Song Circus er basert i Stavanger, med konsertverksemd over heile Europa. Songarar: Liv Runesdatter (kunstnarisk leiar), Stine Janvin Joh, Signe Irene Stangborli Time og Ingeborg Dalheim.

Tre norske komponister har skrive ny musikk basert på feleslåtten “Graatarslagjet”, etter Fuglestadbrødrene.

Med seg har dei ein av Norges framste felespelarar, Britt Pernille Frøholm. Britt Pernille er den einaste norske felespelaren som spelar i A-klassen på kappleik med både flatfele og hardingfele. Ho er ein veldig spanande musikar, og ein klangens meister. 

Pris:  kr 200/   studentar kr 150/     barn gratis.
Link til billettsalg/arrangementside på Billetto

Velkommen til en annleis, vakker og fascinerande kyrkjekonsert! 

Her er link til Facebook-arrangementet

Link til arrangementet i Aftenbladets kalender