Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Temakveld: «Rik bibelbruk» - Hans Johan Sagrusten fredag 3. mai kl. 18.00 – 21.00 på Bjerkreim bedehus.
Temakveld: «Rik bibelbruk» - Hans Johan Sagrusten fredag 3. mai kl. 18.00 – 21.00 på Bjerkreim bedehus.
Hans Johan Sagrusten (48) er tilsett i Bibelselskapet og arbeidar med å inspirera kyrkjer og enkeltmenneske til å ta Bibelen i bruk. Det vert 2 bibeltimar med eit måltid mellom.

Inspirasjonen hentar han frå kristne i andre land, mellom anna frå Kina, Egypt, Cuba og Ukraina. I boka «RIK bibelbruk» har han samla inspirerande forteljingar frå desse landa. Fredag 3. mai kjem han for å dele av denne inspirasjonen. Sagrusten fokuserer på at Bibelen er fellesskapets bok, som kan brukast i felles lesing i forsamlinga, i bibelgruppa eller i venekrinsen.

Det vert 2 bolkar med kveldsmat mellom.

Barneparkering i kjellaren.

Kollekt til Bibelselskapet.

Velkommen til ei inspirerande samling!

 

Arr. Bedehuset, misjonshuset og soknerådet.