Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Kyrkjevalet 2019 - kunngjering av vallista og info.
Kyrkjevalet 2019 - kunngjering av vallista og info.
Måndag 9. september 2019 skal det veljast 8 medl. og 5 varamedl. til Bjerkreim sokneråd. I tillegg er det direkte val på leke medlemmar til bispedømmerådet/Kyrkjemøtet.

Alle som har stemmerett ved andre off. val og som er medlemmar av Den norske kyrkja, har stemmerett.  Før 10.august får alle medlemmar tilsend valkort. Får du ikkje valkort og er medlem, ta kontakt med kyrkjekontoret.  Skjeringsdato for manntalet er 30.juni.

Ved dei kyrkjelege vala kan også 15-åringane stemma!

Medlemskap i kyrkja kan kontrollerast i det kyrkjelege manntalet på kyrkjekontoret frå 10. august til 2. september.   

 

Førehandsrøysting:

Det kan førehandsstemmast i alle kyrkjelydar i landet frå 10. august - 1. september (dersom du stemmer i annan kyrkjelyd enn der du bur).  Same frist gjeld førehandsrøysting frå utlandet.

For dei som bur i Bjerkreim, kan det førehandsstemmast på kyrkjekontoret frå 10. august til 6. september på tys- og torsdagar kl. 9 – 14og på Bjerkreim omsorgssenter torsdag 29.08 kl. 11 - 12.

Veljarar som på grunn og sjukdom eller uførleik ikkje kan røysta i vallokale eller på kyrkjekontoret, kan søkja valstyret om å røysta der dei oppheld seg (ambulerande røysting). Søknad må vera kyrkjekontoret i hende innan 03.09.2019 kl. 15.00.

Det kan også avtalast tid utanom vanleg kontortid på tlf. 51201198.  

Meir info om kyrkjevalet på www.kyrkjevalet.no.

Nominasjonskomiteen si valliste:

1.    Magnus Helland

2.    Kjersti S Bjerkreim

3.    Yngvar Nilsen

4.    Monika Vassbø

5.    Øyvind Sjøtrø

6.    Oddrunn Veen

7.    Gunnar Hågbo

8.    Marte Versland

9.    Per Inge Espedal

10.  Annbjørg Gravdal Larson

11.  Per Toralv Gjedrem

12.  Gunn Kristin Bartels

13.  Leif Gjedrem

 

Opningstider valdagen:

Bjerkreim valkrins: Bjerkreim bedehus, kjellaretg.,  kl. 10.00 – 20.00.

Vikeså valkrins: Bjerkreim kyrkjekontor kl. 10.00 – 21.00.