Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
T2 studentar frå Bildøy bibelskole. Velkommen til Bjerkreim Kristina og Ragnhild!
T2 studentar frå Bildøy bibelskole. Velkommen til Bjerkreim Kristina og Ragnhild!
19.august startar Kristina Ødegård frå Ålesund og Ragnhild Olsen frå Kvitsøy teneste for barn og unge i Bjerkreim. Studentane skal vera med i arbeidet kyrkja og arbeidet dei frivillige laga driv. Dei skal vera her fram til mai 2020. Begge er 20 år og har gått 1 år på Bildøy Bibelskole. Dei ønskjer å fortsetja 2. året som for ein stor del er praksis (T2-studentar).

Andreårskurset har som mål å utdanna leiarar – både til løna stillingar og til frivillig teneste i kyrkje, misjon og samfunn. 22 veker er praksis i løpet av skuleåret.  Då skal dei vera her. I tillegg skal dei ha periodar med undervising på Bildøy. IMF Rogaland har laga eit opplegg for dei som tilfredsstiller krava i læreplanen. 

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Bjerkreim bedehus, Vikeså misjonshus og kyrkja.

Ta vel imot Ragnhild og Kristina!