Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Kyrkjevalet måndag 9. september.
Kyrkjevalet måndag 9. september.
Det skal veljast 8 medl. og 5 varamedl. til soknerådet i Bjerkreim og 7 leke medlemmar til bispedømmerådet/Kyrkjemøtet.

 

Alle medlemmar av DnK som er over 15 år eller som fyller 15 år i 2019, kan stemma.

Det er ei liste til soknerådsvalet.  Informasjon om kandidatane finn du i valavisa som vart send alle husstandane onsdag 28. august. Valaviser ligg også i vallokalet.

Til val av leke medlemmar til bispedømmeråd og Kyrkjemøtet er det 3 lister – Bønnelista, Nominasjonskomiteen si liste og Åpen folkekirke.  Informasjon om dei ulike kandidatane finn du på desse sidene.

www.bonnelista.no/stavanger

www.nominasjonslisten.no/stavanger

www.apenfolkekirke.org/stavanger  

Informasjon om kandidatane finst ikkje i vallokalet. Derfor er det lurt å lesa om dei heime.

Opningstider valdagen:

Bjerkreim valkrins: Bjerkreim bedehus, kjellaretg.,  kl. 10.00 – 20.00.

Vikeså valkrins: Bjerkreim kyrkjekontor kl. 10.00 – 21.00.

 

Meir info om kyrkjevalet på kyrkjevalet.no. Der kan du også lasta ned vallister både for det lokale valet og valet til bispedømmeråd og Kyrkjemøtet.

Godt val!