Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Del raust av den store gleda.
Del raust av den store gleda.
Juleandakt av biskop Anne Lise Ådnøy.

Kan det bli for mykje av det gode? ‘Evangelium’ tyder «Godt nytt». Noko nytt har hendt i vår tid, sjølv om det er over 2000 år sidan. Det er like eineståande som at verda blei skapt. Gud blei menneske.

 

Nokon har bore ordet om dette fram til oss. Det starta med orda frå engelen: «Eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket».

 

Evangelistane vil ikkje vera nøytrale, dei vil påverka til tru. Matteus kallar Jesusbarnet Immanuel, Gud med oss. I dette namnet ligg heile juleevangeliet, både at Gud ER med oss, og at Gud er MED oss. Namnet blir ei slags programerklæring. Gud seier: Nå er eg med dykk same kva som skjer. Eit ekko av desse orda finn me i dåps- eller misjonsbefalinga, der Jesus seier: «Sjå, eg er med dykk alle dagar.»

 

Diktaren Heinrich Böll var ikkje nokon kyrkjeven, likevel sa han: «Eg trur at ei verd utan Kristus ville få sjølv ateistane til å lengta etter han. Kven andre kan slik som han lokka fram det beste i oss: Omsorga for det svake, trua på at det nyttar, at det går an å begynna på nytt.»

«Verden var aldri helt forlatt», syng artistar, skolebarn og kyrkjelydar i førjulstida. Takk Gud for det!

Denne røyrsla starta med orda frå engelen «Eg kjem til dykk med bod om ei stor glede». Nå fører Ordet om gleda oss vidare inn i mange spørsmål og ut i kvardagane. Korleis lever me evangeliet ut, korleis deler me tru?

Nei, det kan ikkje bli for mykje av det gode! Del raust av trua. Del raust av gleda. Det du gjev, gjer deg rikare.

 

Med ønske om ei velsigna julehøgtid!

Anne Lise Ådnøy

Biskop