Infoskjerm
DEN NORSKE KYRKJA
Bjerkreim kyrkjelyd
Visitas av Stavanger biskop 28. januar til 2. februar 2020.
Visitas av Stavanger biskop 28. januar til 2. februar 2020.
Bjerkreim kyrkjelyd får besøk av biskop Anne Lise Aadnøy i månadsskiftet januar/februar. Biskopen skal vera med på mykje dagane ho er her. Onsdag kl. 17.00 ønskjer biskopen å treffa alle som har frivillig teneste for kyrkje og bedehus. Torsdag kveld kl. 19.00 er alle velkomne til kulturkveld i Bjerkreimshallen. Visitasgudstenesta er sundag 2. februar kl. 11.00. Nedanfor fylgjer heile programmet.

Program:

Tysdag 28. januar

Personalmøte,  besøk hos Uninor, møte med skuleleiinga – kyrkje-skule samarbeidet og møte med soknerådet.

Onsdag 29. januar

Besøk i Storafjellet barnehage, kulturskulen, møte med frivillige (sjå meir omtale nedanfor), besøka internasjonal kvinnegruppe på Vikeså skule og KRIK.        

Torsdag 30. januar

Besøk på omsorgssenteret inkl andakt, møte med leiinga i kommunen, møte med konfirmantane og kulturkveld (Sjå meir omtale nedanfor).

 

-------------

Møte med frivillige onsdag 29.januar kl. 17.00 – 18.20 på Misjonshuset.

Biskopen ønskjer å treffa alle som har ei frivillig teneste for kyrkje og/eller bedehus.  Velkommen til samlinga!

 

KULTURKVELD torsdag 30. januar kl. 19.00
Stad: Foajeen, Idrettshallen

-Biskop Anne Lise Aadnøy snakkar om «Det gode liv».

-Annette O. Nedrebø - «Lag og foreninger i Bjerkreim».

-«Bjerkreims kulturhistorie»  v/ Paul Tengesdal.

-Bjerkreim Jeger og Fisk - «Fluefiske» og utstilling av laksefluer.

-Song av Tirla.

-Band frå kulturskulen.

Internasjonal kvinnegruppe og Bygdekvinnelaget står for enkel servering.

ALLE er VELKOMNE!