Førehandsstemming til kyrkjevalet

Du er velkomen til førehandsstemming til kyrkjevalet frå 10. august (digitalt), og frå 22. august (på kyrkjekontoret). Alle som fyller 15 år i 2023 eller før kan stemme ved kyrkjevalet.
Allereie frå 10. august kan du førehandsstemme til soknerådsvalet og bispedømerådsvalet digitalt. Gå inn på valportalen www.kirkevalget.no og bruk BankID. Dette er ein enkel og lett forståeleg måte å stemme på. Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer bistand. Du kan stemme digitalt fleire gonger, det er siste gongen som er gjeldande.
Dersom du heller ynskjer å stemme på den tradisjonelle måten er du velkomen innom kyrkjekontoret på Nesjane 5, Vikeså, tysdagar frå 22. august til 5. september kl 08.30-15.00. I tillegg held vi ope på kyrkjekontoret torsdag 31. august kl 15.00-20.00. Søndag 3. september legg vi til rette for dei som ynskjer å stemme etter gudstenesta i Bjerkreim kyrkje, kl 12.00 – 12.30. Du kan òg ta kontakt med kyrkjekontoret for å finne ei anna tid, dersom det høver betre.
Sjølve valdagen kan du stemme til kyrkjevalet på kommunehuset (dei med postadresse 4389) kl 10-20 og i kjellaren på bedehuset (dei med postadresse 4387) kl 10-19. Når ein stemmer på nytt sokneråd kan ein gje ekstrastemmer til inntil tre av dei som stiller til val.
Desse står på soknerådslista i Bjerkreim:
- Jane Fuglestad Rønning, 41 år
- Valborg Bjerkreim, 31 år
- Andreas Osland, 60 år
- Annbjørg Gravdal Larsson, 51 år
- Kari Tove Vikeså, 68 år
- Aslaug Marie Undheim, 70 år
- Kristoffer Gilje, 33 år
- Tore Soteland, 61 år
- Oddrunn Veen, 53 år
- Olav Nygård, 39 år
- Gunn Tone Grastveit Nilsen, 51 år
- Gudbjørg Bjerkreim, 64 år
- Jan Tore Gjedrem, 31 år
Vi kan velje mellom fire ulike lister til bispedømmerådsvalet:
1. Nominasjonskomiteen si liste
2. Frimodig kirke
3. Bønnelista
4. Åpen folkekirke
Du kan lese meir om dei ulike listene her.
Velkomen til kyrkjevalet!
Publisert 4. august 2023 kl: 14:57, oppdatert 4. august 2023 kl: 14:57, av astridav
Aktuelt
Gullkonfirmantar 2023
Søndag 17. september møttest 32 personar som vart konfirmerte i Bjerkreim i 1973. Dei deltok på gudsteneste først, deretter var det felles middag på Bjerkreim bedehus. Samlinga var i regi av soknerådet.
Kategori:
- Aktuelt
Resultat av kyrkjevalget i Bjerkreim
Det var totalt 281 personar som stemte ved kyrkjevalet i Bjerkreim. Av desse stemte 192 på bispedømerådsvalet og 233 på soknerådsvalet. Ein kunne stemme på eitt eller begge vala. På førehand stemte 65 personar digitalt og 25 personar på papir. Resten stemte på vanleg måte på valdagen. Soknerådsvalet: Valborg Bjerkreim 431 Jane Fuglestad Rønning 414 […]
Kategori:
- Aktuelt
Kvifor stiller kandidatane til soknerådet til val?
13 kandidatar har sagt seg villege til å stille til nytt sokneråd. Vi har spurt dei kva dei ynskjer å arbeide særleg med framover: Jane RønningEg brenn for å ha eit godt trusopplæringsopplegg for ungane. Valborg BjerkreimEg ynskjer å bidra til ei folkekyrkje der barn og unge i kommunen føler seg heime. Andreas OslandMitt håp […]
Kategoriar:
- Aktuelt
- Råd og utval
Førehandsstemming til kyrkjevalet
Du er velkomen til førehandsstemming til kyrkjevalet frå 10. august (digitalt), og frå 22. august (på kyrkjekontoret). Alle som fyller 15 år i 2023 eller før kan stemme ved kyrkjevalet. Allereie frå 10. august kan du førehandsstemme til soknerådsvalet og bispedømerådsvalet digitalt. Gå inn på valportalen www.kirkevalget.no og bruk BankID. Dette er ein enkel og […]
Kategori:
- Aktuelt
To år som diakoniarbeider i Bjerkreim – noen betraktninger
Denne sommeren har jeg vært ansatt som diakoniarbeider i 2 år i Bjerkreim. Det har vært både utfordrende, spennende og lærerikt. Jeg har forsøkt å iverksette tiltak for at folk skal få det litt bedre i Bjerkreim, særlig de som ikke har det så greit. Jeg har møtt mange ulike mennesker med ulike erfaringer og […]
Kategoriar:
- Aktuelt
- Diakoni
Hva skjer i sommer?
Det går mot fellesferie og også ferieavvikling i soknet. Siste gudstjeneste før ferien blir 16.7 og merk deg gjerne første gudstjeneste og innsettelse av ny sokneprest 13.8: Gudstjenestelisten i juli og halve august ser slik ut: 5. søndag i treeiningstida Sun 02/07-23 11:00 Bjerkreim kyrkje Høgmesse Aposteldagen/6. søndag i treeiningstida Sun 09/07-23 11:00 Ivesdal kyrkje […]
Kategoriar:
- Aktuelt
- Diakoni
- Gudstenester
- Konfirmant
- Trusopplæring
Global kafé; en stor takk (og info om sommeren)
I juni har Global kafé/kvelds holdt på i et år. Vi er veldig fornøyd med tilbudet slik det har blitt, og svært takknemlige for de frivillige som har brukt mye tid og krefter for å realisere dette. Global har vært et viktig samlingspunkt for svært mange av våre nye innbyggere og i snitt har vi […]
Kategoriar:
- Aktuelt
- Diakoni
Konfirmant 2024 påmelding og info-møte
Alle er velkommen til konfirmasjonstid i kyrkja - både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller du som er nysgjerrig.
Kategoriar:
- Aktuelt
- Konfirmant
- Trusopplæring