Frå tysdag 23.02 kan fleire samlast.

Det er godt nytt for alle.

Kravet om fastmonterte seter er erstatta av krav om faste tilviste plassar.

Det blir lov å samla inntil 100 personer på arrangement i tillegg til medverkande, når deltakarar får ein fast tilvist plass.

Fast tilvist plass vil seia at deltakarane får tildelt ein plass eller blir vist plassen dei skal sitja.

Det skal framleis vera minst ein meter mellom alle som ikkje bur saman, i alle retningar – målt skulder til skulder. Det er framleis tilråding om 2 meter avstand dersom det er allsong innandørs.

Det blir framleis tilrådd å avlysa eller utsetja arrangement og samkomer som samlar personar frå fleire kommunar, med unnatak av gravferder.

Fritidsaktivitetar for born og unge  kan halda fram med dei reglene som gjeld i dag, men det blir framleis ikkje tilrådd å ha innandørs fritidsaktivitetar for vaksne -20 år og eldre.

Kommunen kan vedta lokale reglar, som set andre avgrensingar på kyrkjeleg verksemd.

Styresmaktene er redde for smitteauking i samfunnet. Derfor er det viktig at vi held fram med det gode smittevern-arbeidet.

Publisert 22. februar 2021 kl: 12:21, oppdatert 22. februar 2021 kl: 12:21, av arnfrid

  1. Konfirmant 2021

    Utsett undervisningslaurdag for konfirmantane

    Eg har tatt ein sjefsavgjersle her på kontoret og utsett siste "konfirmantlaurdag" (som var sett opp 17. april), til laurdag 29. mai.

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Konfirmant
  2. Ny rapport fra misjonsprosjektet i Liberia!

    Les rapporten fra misjonsprosjektet som vi støtter i Liberia! Hvordan har det egentlig gått under pandemien? Hva blir pengene brukt til?

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Råd og utval
  3. Musikkgudsteneste/Salmekveld i Ivesdal kyrkje fredag 9.april er AVLYST pga pandemien.

    «

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  4. Bjerkreim kyrkje

    Påskedagsgudsteneste 2021

    Beklager at linken til gudstjenesten i dag ikke kom ut på nettsiden! Her er den, for de som ikke fant den i sted. Da vi ankom kirken i dag var det plutselig to kameraer som ikke var samarbeidsvillige og to timer etterpå ved gudstjenestens start var situasjonen den samme. Nå, etter gudstjenesten såklart, virker alt […]

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Direktesendingar
    • Gudstenester
  5. Covid 19 og arrangement frå 25.mars til 12.april. Påskehøgtida 2021.

    Etter regjeringa sin pressekonferanse tysdag 23.03.2021 kom det nye restriksjonar og strengare smittevernreglar. Situasjonen er landet vårt er alvorleg,  og vi må gjera alt vi kan  for å hindra smittespreiing. Alle gudstenester fram til 12. april skal derfor avlysast – både innandørs og evt utegudstenester i heile bispedømmet.   For oss i Bjerkreim betyr det: Gudstenesta […]

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  6. Fasteaksjonen 2021

    Årets fasteaksjon blir digital i Bjerkreim

    Dermed er den vanlege måten du kan gje på via VIPPS, overføring på konto, eller med SMS. Men du får ein påminning: Konfirmantane i Bjerkreim går rundt og legg ein påminning i postkassa til alle hustandane i Bjerkreim. Me minnar føresette til konfirmantane om å hjelpe konfirmantane med oppgåva seinart tysdag 23. mars. Her er […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  7. Bjerkreim sokn

    Årsmelding for Bjerkreim sokn 2020

    Den 14. mars vart det avhalde sokneårsmøte for Bjerkreim sokn etter gudstenesta på Vikeså misjonshus.

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  8. Bjerkreim kyrkjekontor

    Kyrkjeverje/dagleg leiar – Bjerkreim sokneråd

    Fast 100% stilling ledig frå 01.09.2021. Bjerkreim sokn og Bjerkreim kommune har samanfallande grenser. Bjerkreim kommune ligg i Sør-Rogaland ca. 50 km sør for Stavanger. Kommunen har 2791 innbyggjarar. Bjerkreim er ein del av Dalane prosti og er ein eit-sokns-kommune. Soknerådet er derfor både sokneråd og kyrkjeleg fellesråd. Det er 2 kyrkjer – Bjerkreim kyrkje […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt