Kvifor stiller kandidatane til soknerådet til val?
13 kandidatar har sagt seg villege til å stille til nytt sokneråd. Vi har spurt dei kva dei ynskjer å arbeide særleg med framover:
Jane Rønning
Eg brenn for å ha eit godt trusopplæringsopplegg for ungane.
Valborg Bjerkreim
Eg ynskjer å bidra til ei folkekyrkje der barn og unge i kommunen føler seg heime.
Andreas Osland
Mitt håp er at flest mulig skal kjenna seg heime i kyrkja. Men kyrkja skal ikkje snu kappa etter vinden. Bibelens ord står fast.
Anbjørg Gravdal Larson
Eg ynskjer å jobbe for at kyrkja i framtida har fleire medlemmer og ikkje færre. Eg ynskjer ei levande kyrkje med Bibelen i hand for komande generasjonar.
Kari Tove Vikeså
Eg ynskjer å ha fokus på at kyrkja skal vera ein plass der alle kan kjenna seg velkomne og inkluderte; uavhengig av kjønn, seksuell legning, nasjonalitet eller kva posisjon ein har i samfunnet.
Aslaug Undheim
Bjerkreim-kyrkja – vi møter kvarandre med opne hender
Kristoffer Gilje
Eg ynskjer at barnefamiliane skal kjenne seg heime i gudstenesta.
Tore Soteland
Eg ynskjer at fleire i alle aldrar kjem til kyrkja,
Oddrunn Veen
Eg meiner det er viktig med arbeid blant barn og unge.
Olav Nygård
Eg er klar til å arbeide med det som rører seg.
Gunn Tone Grastveit Nilsen
Eg vil ha særleg fokus på det diakonale omsorgsarbeidet i kyrkja, eksempelvis Global kafé.
Gudbjørg Bjerkreim
Arbeide vidare for at vi gjennom trusopplæringa kan gjere kyrkja til ein god samlingsplass for alle generasjonar
Jan Tore Gjedrem
Eg vil arbeide for at kyrkja skal vere for alle.
Publisert 17. august 2023 kl: 09:28, oppdatert 17. august 2023 kl: 09:28, av astridav
Aktuelt
Gullkonfirmantar 2023
Søndag 17. september møttest 32 personar som vart konfirmerte i Bjerkreim i 1973. Dei deltok på gudsteneste først, deretter var det felles middag på Bjerkreim bedehus. Samlinga var i regi av soknerådet.
Kategori:
- Aktuelt
Resultat av kyrkjevalget i Bjerkreim
Det var totalt 281 personar som stemte ved kyrkjevalet i Bjerkreim. Av desse stemte 192 på bispedømerådsvalet og 233 på soknerådsvalet. Ein kunne stemme på eitt eller begge vala. På førehand stemte 65 personar digitalt og 25 personar på papir. Resten stemte på vanleg måte på valdagen. Soknerådsvalet: Valborg Bjerkreim 431 Jane Fuglestad Rønning 414 […]
Kategori:
- Aktuelt
Kvifor stiller kandidatane til soknerådet til val?
13 kandidatar har sagt seg villege til å stille til nytt sokneråd. Vi har spurt dei kva dei ynskjer å arbeide særleg med framover: Jane RønningEg brenn for å ha eit godt trusopplæringsopplegg for ungane. Valborg BjerkreimEg ynskjer å bidra til ei folkekyrkje der barn og unge i kommunen føler seg heime. Andreas OslandMitt håp […]
Kategoriar:
- Aktuelt
- Råd og utval
Førehandsstemming til kyrkjevalet
Du er velkomen til førehandsstemming til kyrkjevalet frå 10. august (digitalt), og frå 22. august (på kyrkjekontoret). Alle som fyller 15 år i 2023 eller før kan stemme ved kyrkjevalet. Allereie frå 10. august kan du førehandsstemme til soknerådsvalet og bispedømerådsvalet digitalt. Gå inn på valportalen www.kirkevalget.no og bruk BankID. Dette er ein enkel og […]
Kategori:
- Aktuelt
To år som diakoniarbeider i Bjerkreim – noen betraktninger
Denne sommeren har jeg vært ansatt som diakoniarbeider i 2 år i Bjerkreim. Det har vært både utfordrende, spennende og lærerikt. Jeg har forsøkt å iverksette tiltak for at folk skal få det litt bedre i Bjerkreim, særlig de som ikke har det så greit. Jeg har møtt mange ulike mennesker med ulike erfaringer og […]
Kategoriar:
- Aktuelt
- Diakoni
Hva skjer i sommer?
Det går mot fellesferie og også ferieavvikling i soknet. Siste gudstjeneste før ferien blir 16.7 og merk deg gjerne første gudstjeneste og innsettelse av ny sokneprest 13.8: Gudstjenestelisten i juli og halve august ser slik ut: 5. søndag i treeiningstida Sun 02/07-23 11:00 Bjerkreim kyrkje Høgmesse Aposteldagen/6. søndag i treeiningstida Sun 09/07-23 11:00 Ivesdal kyrkje […]
Kategoriar:
- Aktuelt
- Diakoni
- Gudstenester
- Konfirmant
- Trusopplæring
Global kafé; en stor takk (og info om sommeren)
I juni har Global kafé/kvelds holdt på i et år. Vi er veldig fornøyd med tilbudet slik det har blitt, og svært takknemlige for de frivillige som har brukt mye tid og krefter for å realisere dette. Global har vært et viktig samlingspunkt for svært mange av våre nye innbyggere og i snitt har vi […]
Kategoriar:
- Aktuelt
- Diakoni
Konfirmant 2024 påmelding og info-møte
Alle er velkommen til konfirmasjonstid i kyrkja - både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller du som er nysgjerrig.
Kategoriar:
- Aktuelt
- Konfirmant
- Trusopplæring