Kyrkjeverje/dagleg leiar – Bjerkreim sokneråd

Fast 100% stilling ledig frå 01.09.2021.

Bjerkreim sokn og Bjerkreim kommune har samanfallande grenser. Bjerkreim kommune ligg i Sør-Rogaland ca. 50 km sør for Stavanger. Kommunen har 2791 innbyggjarar.

Bjerkreim er ein del av Dalane prosti og er ein eit-sokns-kommune. Soknerådet er derfor både sokneråd og kyrkjeleg fellesråd. Det er 2 kyrkjer – Bjerkreim kyrkje og Ivesdal kyrkje – og 3 gravplassar. Kyrkjekontoret er på Vikeså. Det er 10 tilsette inkl. soknepresten – dei fleste i deltidsstillingar.

Å vera kyrkjeverje/dagleg leiar er ein spanande jobb med mange og varierte ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Leia det daglege arbeidet til soknerådet si verksemd etter gjeldande lover, forskrifter, planar og målsetjingar
  • Personal- og arbeidsgjevaransvar for dei tilsette
  • Økonomistyring, rekneskap- og budsjettansvar
  • Planlegging og tilrettelegging av kyrkjeleg verksemd
  • Saksbehandling og sekretær for soknerådet (både sokneråds- og fellesrådssaker) og andre utval/komitear – samt oppfølging av vedtak
  • Ansvar for god forvalting, drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar, inkl. internkontroll og HMS-arbeid.
  • Leiar for gravferdstenesta i kommunen
  • Ivareta og utvikla kontakten med Bjerkreim kommune, prosten og bispedømmekontoret

Soknerådet har tenesteytingsavtale med kommunen når det gjeld den praktiske drifta av gravplassane, rekneskap og løn m.m.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på høgskulenivå innan administrasjon, økonomi og leiing eller tilsvarande relevant utdanning. Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne i saksbehandling
  • Kjennskap til offentleg forvalting
  • Datakompetanse
  • God innsikt, kjennskap, interesse, respekt og engasjement for kyrkjeleg verksemd/ kristent organisasjonsliv

Personlege eigenskaper:

Tydeleg leiar
Gode samarbeidsevner

Evne til å arbeida sjølvstendig, systematisk, strukturert og målretta
Gjennomføringsevne

Relasjonsskapande og engasjert

Det vil bli lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna.

Vi tilbyr:

  • Spanande, sjølvstendig, variert og utfordrande jobb i eit positivt og godt arbeidsmiljø med mange utfordringar
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjelande reglar og samsvar med avtalar i kyrkjeleg sektor  (KA)
  • Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP
  • Leiaravtale

100% heiltid, fast stilling
Tilsetting etter gjeldande lover, reglar og tariffavtalar i Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
6 månadar gjensidig prøvetid

Søkjar må disponera eigen bil

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju

Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja og politiattest (TRL § 20) må leggast fram ved oppstart

Arbeidsstad:

Bjerkreim kyrkjekontor, Nesjane 5, 4389 Vikeså

For meir informasjon, ta kontakt med kyrkjeverje Arnfrid Espeland tlf 51201198/40602711 eller soknerådsleiar Kjersti S Bjerkreim tlf 47646252

Søknad med CV og referansar, skal sendast til Bjerkreim sokneråd, Postboks 38, 4384 Vikeså eller på E-post til arnfrid.espeland@bjerkreim.kommune.no

innan 05.04.2021.

Bjerkreim kyrkje
Bjerkreim kyrkje

Publisert 11. mars 2021 kl: 08:19, oppdatert 11. mars 2021 kl: 08:19, av arnfrid

  1. Konfirmant 2021

    Utsett undervisningslaurdag for konfirmantane

    Eg har tatt ein sjefsavgjersle her på kontoret og utsett siste "konfirmantlaurdag" (som var sett opp 17. april), til laurdag 29. mai.

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Konfirmant
  2. Ny rapport fra misjonsprosjektet i Liberia!

    Les rapporten fra misjonsprosjektet som vi støtter i Liberia! Hvordan har det egentlig gått under pandemien? Hva blir pengene brukt til?

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Råd og utval
  3. Musikkgudsteneste/Salmekveld i Ivesdal kyrkje fredag 9.april er AVLYST pga pandemien.

    «

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  4. Bjerkreim kyrkje

    Påskedagsgudsteneste 2021

    Beklager at linken til gudstjenesten i dag ikke kom ut på nettsiden! Her er den, for de som ikke fant den i sted. Da vi ankom kirken i dag var det plutselig to kameraer som ikke var samarbeidsvillige og to timer etterpå ved gudstjenestens start var situasjonen den samme. Nå, etter gudstjenesten såklart, virker alt […]

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Direktesendingar
    • Gudstenester
  5. Covid 19 og arrangement frå 25.mars til 12.april. Påskehøgtida 2021.

    Etter regjeringa sin pressekonferanse tysdag 23.03.2021 kom det nye restriksjonar og strengare smittevernreglar. Situasjonen er landet vårt er alvorleg,  og vi må gjera alt vi kan  for å hindra smittespreiing. Alle gudstenester fram til 12. april skal derfor avlysast – både innandørs og evt utegudstenester i heile bispedømmet.   For oss i Bjerkreim betyr det: Gudstenesta […]

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  6. Fasteaksjonen 2021

    Årets fasteaksjon blir digital i Bjerkreim

    Dermed er den vanlege måten du kan gje på via VIPPS, overføring på konto, eller med SMS. Men du får ein påminning: Konfirmantane i Bjerkreim går rundt og legg ein påminning i postkassa til alle hustandane i Bjerkreim. Me minnar føresette til konfirmantane om å hjelpe konfirmantane med oppgåva seinart tysdag 23. mars. Her er […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  7. Bjerkreim sokn

    Årsmelding for Bjerkreim sokn 2020

    Den 14. mars vart det avhalde sokneårsmøte for Bjerkreim sokn etter gudstenesta på Vikeså misjonshus.

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  8. Bjerkreim kyrkjekontor

    Kyrkjeverje/dagleg leiar – Bjerkreim sokneråd

    Fast 100% stilling ledig frå 01.09.2021. Bjerkreim sokn og Bjerkreim kommune har samanfallande grenser. Bjerkreim kommune ligg i Sør-Rogaland ca. 50 km sør for Stavanger. Kommunen har 2791 innbyggjarar. Bjerkreim er ein del av Dalane prosti og er ein eit-sokns-kommune. Soknerådet er derfor både sokneråd og kyrkjeleg fellesråd. Det er 2 kyrkjer – Bjerkreim kyrkje […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt