Lys Våken i Bjerkreim Kyrkje for 4. og 5. klassingane!

Me i kyrkja vil invitere alle 9- og 10- åringane (4. og 5. kl.) til å vere med på eit arrangement som heiter Lys Våken. Det startar lørdag 22. oktober kl 17:00 i Bjerkreim kyrkje og varer til ca kl 12.00 søndag 23. oktober.

Lørdag vil me ha eit variert program med leikar, aktivitetar ute og inne, førebuing av gudsteneste, måltid og sosialt samvær. Når kvelden kjem, søv me over i kyrkja! (dersom nokon ikkje vil sove i kyrkja, kan dei vere med på arrangementet, men sove heime)

Søndag et me frukost saman før me gjer dei siste førebuingane til gudstenesta. Lys Våken avsluttast med familiegudsteneste kl 11:00. Her er alle velkomne! Me vil då visa noko av det me har halde på med på Lys Våken.

Lys Våken handlar ikkje om å ”døgna”, men om å vere lys vakne for det som skjer rundt oss. Me skal vere lys våkne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve. For å få dette til må me sove godt om natta.

De vil få alt de treng av mat i kyrkja. Lys Våken er gratis for deltakarane, men på gudstenesta 23. oktober går offeret til å dekka arrangementet, så her kan de gi ei gåve dersom de vil!

Påmelding innan mandag 10. oktober til post@bjerkreimkyrkja.no

For pakkeliste og meir info, ta kontakt med menighetsarbeidar Torunn Bjerkreim Moi (91648781)

Publisert 4. oktober 2016 kl: 00:00, oppdatert 4. oktober 2016 kl: 00:00, av

  1. Bilete av gullkonfirmantane

    Gullkonfirmantar 2023

    Søndag 17. september møttest 32 personar som vart konfirmerte i Bjerkreim i 1973. Dei deltok på gudsteneste først, deretter var det felles middag på Bjerkreim bedehus. Samlinga var i regi av soknerådet.

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  2. Resultat av kyrkjevalget i Bjerkreim

    Det var totalt 281 personar som stemte ved kyrkjevalet i Bjerkreim. Av desse stemte 192 på bispedømerådsvalet og 233 på soknerådsvalet. Ein kunne stemme på eitt eller begge vala. På førehand stemte 65 personar digitalt og 25 personar på papir. Resten stemte på vanleg måte på valdagen. Soknerådsvalet: Valborg Bjerkreim          431 Jane Fuglestad Rønning                414 […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  3. Global kafé starter opp igjen

    Global kafé og global kvelds startet opp før sommeren 2022 som et samarbeid mellom bedehuset, misjonshuset, kirken og Bjerkreim kommune. Med riktig god hjelp fra mange frivillige har det vært veldig vellykket

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Diakoni
  4. Kvifor stiller kandidatane til soknerådet til val?

    13 kandidatar har sagt seg villege til å stille til nytt sokneråd. Vi har spurt dei kva dei ynskjer å arbeide særleg med framover: Jane RønningEg brenn for å ha eit godt trusopplæringsopplegg for ungane. Valborg BjerkreimEg ynskjer å bidra til ei folkekyrkje der barn og unge i kommunen føler seg heime.  Andreas OslandMitt håp […]

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Råd og utval
  5. Førehandsstemming til kyrkjevalet

    Du er velkomen til førehandsstemming til kyrkjevalet frå 10. august (digitalt), og frå 22. august (på kyrkjekontoret). Alle som fyller 15 år i 2023 eller før kan stemme ved kyrkjevalet. Allereie frå 10. august kan du førehandsstemme til soknerådsvalet og bispedømerådsvalet digitalt. Gå inn på valportalen www.kirkevalget.no og bruk BankID. Dette er ein enkel og […]

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  6. To år som diakoniarbeider i Bjerkreim – noen betraktninger

    Denne sommeren har jeg vært ansatt som diakoniarbeider i 2 år i Bjerkreim. Det har vært både utfordrende, spennende og lærerikt. Jeg har forsøkt å iverksette tiltak for at folk skal få det litt bedre i Bjerkreim, særlig de som ikke har det så greit. Jeg har møtt mange ulike mennesker med ulike erfaringer og […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Diakoni
  7. Blomster i eng

    Hva skjer i sommer?

    Det går mot fellesferie og også ferieavvikling i soknet. Siste gudstjeneste før ferien blir 16.7 og merk deg gjerne første gudstjeneste og innsettelse av ny sokneprest 13.8: Gudstjenestelisten i juli og halve august ser slik ut: 5. søndag i treeiningstida Sun 02/07-23 11:00 Bjerkreim kyrkje Høgmesse Aposteldagen/6. søndag i treeiningstida Sun 09/07-23 11:00 Ivesdal kyrkje […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Diakoni
    • Gudstenester
    • Konfirmant
    • Trusopplæring
  8. Global kafé; en stor takk (og info om sommeren)

    I juni har Global kafé/kvelds holdt på i et år. Vi er veldig fornøyd med tilbudet slik det har blitt, og svært takknemlige for de frivillige som har brukt mye tid og krefter for å realisere dette. Global har vært et viktig samlingspunkt for svært mange av våre nye innbyggere og i snitt har vi […]

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Diakoni