Revisjon av vedtektene for gravplassane i Bjerkreim kommune.

V E D T E K T E R for gravplassane i Bjerkreim kommune (forskrift) – Bjerkreim kyrkjegard, Ivesdal kyrkjegard og Ørsdalen gravplass.

Jfr. Lov av 7. juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd § 21 med endringar.

Vedteke av Bjerkreim sokneråd 21.10.2020.

Godkjent av Stavanger bispedømmeråd i brev av 02.11.2020.

Vedtektene trer i kraft frå 01.01.2021.

§ 1 FORVALTING

Gravplassane i Bjerkreim kommune er underlagt Bjerkreim sokneråd som har ansvar for at gravplassar og bygningar blir forvalta med orden og verdighet.

§ 2 DEFINISJONAR

Gravplassforvalting: Bjerkreim sokneråd under utøving av forvaltingsansvaret for gravplassane i Bjerkreim kommune, jfr. gravferdslova med forskrifter.

Fri grav:  Grav som gravplassforvaltinga har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.

Festa grav: Grav som blir festa mot betaling av avgift.

Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.

Urnegrav:  I Bjerkreim er det ikkje eigne felt for urnegraver.  Urner blir sett ned i kistegraver.

Kistegrav: Grav som stettar forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggast urner.

Grav i dobbel djupne: Frigrav/festegrav med gravlegging i 2 nivå.

Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan brukast til ny gravlegging.

Festetid: Tida det er avtalt å festa ei grav for mot betaling av avgift.

Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.

Festar: Den som står som part i ein festeavtale.

§ 3 FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE

På gravplassane skal det vera ro og orden. Opphald, ferdsel, arbeid og andre handlingar skal skje med minst mogleg støy og ikkje verke støytande. Besøkande skal om mogleg ferdast gåande, jfr. gravferdsforskrifta § 9 (2).

Bilkjøring på gravplassane skal avgrensast til eit minimum. All kjøring skal skje ekstra omsynsfullt.

Små barn må ha fylgje med eller vera under tilsyn av vaksne.

Hundar skal førast i band (iflg. Forskrift om utvida bandtvang i kommunen § 1).

§ 4 GRAVPLASSTILHØYRSLE.

Alle som bur i kommunen har rett på tilvist fri grav på den gravplassen dei soknar til eller som dei ønskjer gravlegging på.

Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som innbyggjarane i kommunen og har rett til fri grav så framt at grava blir tilvist.

Avdøde personar som er folkeregistrert i annan kommune, kan etter søknad gravleggjast i kommunen mot at  kostnadane i samband med gravferda og avgift som ved feste av grav, blir betalt.

§5 FREDINGSTID OG FESTETID.

Fredingstid for kistegraver er 30 år.

Fredingstid for urnegrav er 20 år.

Gravplassforvaltinga kan vedta anna (lengre) fredingstid for enkelte graver.

§6 FESTE AV GRAV.

Når kistegrav blir teken i bruk, er det høve til å festa ei grav ved sida av. Etter søknad til gravplassforvaltinga, kan endå ei  grav reserverast når behovet tilseier det.  Desse gravene utgjer då ein gravstad. 

Ingen kan festa grav på førehand.

Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 5 år.

Når det har gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykke frå gravferdsforvaltinga.

Festaren skal varslast i god tid før festetida er ute. Blir ikkje festet fornya innan 6 månadar etter forfall, fell gravstaden tilbake til gravplassen.

Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.

Ingen kan gravleggast i festa gravstad utan samtykke frå festaren.  Dersom samtykke ikkje kan innhentast, kan gravplassforvaltinga avgjera spørsmålet om gravlegging.

Når den døde sjølv er festar for grava som skal brukast, har den personen som skal syta for gravferda (jfr. § 9 i gravferdslova) rett til å avgjera spørsmålet om bruk av den festa grava.

Festar pliktar å melda frå om endring av adresse og overføring av festet.

§7 GRAV OG GRAVMINNE.

Av omsyn til moglege skader eller fare under arbeid, kan gravplassforvaltinga flytta eller leggja ned og setja opp igjen gravminner.

Gravplassarbeidarane vil syta for planering og tilsåing etter gravlegging.

Montering av gravminne skal godkjennast av gravplassforvaltinga før det blir sett opp på merka stad. Det skal setjast opp i samsvar med krav i lover og reglar.

Dekorting sjå § 8.

På ny festa gravstad skal gravminnet setjast opp i bakkant av den grava som er teken i bruk først.  Gravminnet blir ståande der for godt.

Gravminnet bør ikkje setjast opp før 6 mnd. etter gravlegging av kiste.

Gravminne på urnegrav kan setjast opp med ein gong etter urnenedsetjinga.

Medan ein ventar på gravminnet, sørgjer gravplassforvaltinga for eit merke med avdøde sitt namn på.

§8 PLANTEFELT.

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgde med bakken omkring.  Det må ikkje vera breiare enn breidda på gravminnet.  Det kan ikkje stikka lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet. 

Det kan ikkje plantast vekstar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.  Det kan ikkje plantast på sidene av gravminnet eller på baksida.

Det er ikkje høve til å setja opp fastmonterte dekorting, f.eks. blomsterurner, lykter og figurar i plantefeltet.  Det er høve til å tenna lys, oljelampe el.l. så lenge det er innafor gjeldande reglar om brannvern.  Lys og andre lause dekorgjenstandar blir sett opp på eige ansvar, og skal fjernast etter bruk.

Plantefelt kan rammast inn med delt steinkant (minst 3 rette steinstykker som blir lagt ned på 3 sider av plantefeltet) eller bed-plate som fluktar med terrenget omkring. I fallande terreng skal steinkant og plate trappast i høve til fundamentet på gravminnet.

Plate og fundament skal ikkje hengja saman.

Heil eller delt plate, med eller utan hol til plantar, skal leggjast i drenerande masse og vera 4-8 cm tjukk. Avstand frå plantehol til ytterkant av plate skal vera minst 8 cm.

Heil eller delt plate skal ha same lengde som gravminnets fundament og breidde inntil 60 cm, målt frå fundamentets bakkant.

Ved montering av heil eller delt plate, med eller utan hol til plantar, skal festar gjennom avtale med gravplassmyndigheita ta på seg ansvar for skadar påført ved vanleg drift og vedlikehald av gravplassen.

Det er ikkje høve til å ramma inn grava eller deler av den med hekk eller døde materiale.

§ 9 PLANTEMATERIALE.

Plantar, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal vera komposterbart.

Det er ansvarleg for frigrav eller festar sitt ansvar å fjerna visne blomar og kransar etter gravferd.  Dersom det ikkje blir gjort eller dei ikkje ønskjer å gjera det, kan dei avtala at dei som arbeidar på gravplassen fjernar det.

§ 10 STELL AV GRAV.

Ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og plikt til å stella grava vedkomande har ansvaret for.  Plantefelt som ikkje blir tilplanta og stelt, skal såast til av den ansvarlege eller av gravplassarbeidarane.

Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halda gravminnet sikra og i forsvarleg stand etter lov, vedtekter og forskrifter.

Ansvarleg for grav eller festar kan gjera avtale om at soknerådet, og den som får løyve til det etter § 13, kan utføra planting og stell av grav. Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå ansvaret dei har etter reglane som til ei krav tid gjeld.

§ 11 BEVARING AV GRAV.

Gravplassforvaltinga kan i samråd med ansvarleg for grav eller gravfestar, gjera vedtak om at graver og gravutstyr skal vernast.  Grava kan framleis nyttast til gravlegging og festar har ansvar for gravminne og plantefelt. Når festet tek slutt, fell grava tilbake til gravplassen og gravplassmynda overtek ansvaret.

§ 12 BÅREROM.

Bårerom blir disponert av soknerådet.  Slike rom skal berre nyttast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda.  Ingen har tilgjenge utan etter løyve.  Liksyning kan berre finna stad etter samtykkje frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.

§ 13 NÆRINGSVERKSEMD.

Næringsdrivande som ønskjer å driva verksemd på gravplass, skal innhenta løyve frå gravplassforvaltinga.  Løyvet kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. 

Slik verksemd kan berre omfatta montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

Tilsette på gravplassen kan ikkje mot godtgjersle utføra tenester for private eller næringsdrivande utan samtykke frå gravplassforvaltinga.  Dei kan heller ikkje engasjera seg i sal av varer eller tenester som har med gravplassen å gjera.

§ 14 ARBEID PÅ GRAVPLASSANE.

Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i vanleg arbeidstid (kl. 07.00 – 17.00) og må ikkje utførast på sundagar og heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vera til sjenanse for seremoniar eller arrangement på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre kjøra inn på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføra arbeidet. Slik kjøring skal skje ekstra omsynsfullt.

§ 15 DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE.

Gravplassforvaltinga kan i særlege høve og innafor ramma av gravferdslov og  gjeldande forskrifter gje dispensasjon frå §§3, 4, 5, 6, 7, 8 og 14 i vedtektene.

Spørsmål om gravplassane eller tilhøve som ikkje er nemnde i vedtektene, blir avgjort av gravplassmyndigheita.

Publisert 21. desember 2020 kl: 13:07, oppdatert 21. desember 2020 kl: 13:07, av arnfrid

  1. Bjerkreimssalmen 2021

    Salmeboken er en skattekiste! Men kanskje du også har noe på hjertet som kan formuleres i en salme? Send gjerne inn ditt bidrag :)

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  2. Konfirmant 2021

    Utsett undervisningslaurdag for konfirmantane

    Eg har tatt ein sjefsavgjersle her på kontoret og utsett siste "konfirmantlaurdag" (som var sett opp 17. april), til laurdag 29. mai.

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Konfirmant
  3. Ny rapport fra misjonsprosjektet i Liberia!

    Les rapporten fra misjonsprosjektet som vi støtter i Liberia! Hvordan har det egentlig gått under pandemien? Hva blir pengene brukt til?

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Råd og utval
  4. Musikkgudsteneste/Salmekveld i Ivesdal kyrkje fredag 9.april er AVLYST pga pandemien.

    «

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  5. Bjerkreim kyrkje

    Påskedagsgudsteneste 2021

    Beklager at linken til gudstjenesten i dag ikke kom ut på nettsiden! Her er den, for de som ikke fant den i sted. Da vi ankom kirken i dag var det plutselig to kameraer som ikke var samarbeidsvillige og to timer etterpå ved gudstjenestens start var situasjonen den samme. Nå, etter gudstjenesten såklart, virker alt […]

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Direktesendingar
    • Gudstenester
  6. Covid 19 og arrangement frå 25.mars til 12.april. Påskehøgtida 2021.

    Etter regjeringa sin pressekonferanse tysdag 23.03.2021 kom det nye restriksjonar og strengare smittevernreglar. Situasjonen er landet vårt er alvorleg,  og vi må gjera alt vi kan  for å hindra smittespreiing. Alle gudstenester fram til 12. april skal derfor avlysast – både innandørs og evt utegudstenester i heile bispedømmet.   For oss i Bjerkreim betyr det: Gudstenesta […]

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  7. Fasteaksjonen 2021

    Årets fasteaksjon blir digital i Bjerkreim

    Dermed er den vanlege måten du kan gje på via VIPPS, overføring på konto, eller med SMS. Men du får ein påminning: Konfirmantane i Bjerkreim går rundt og legg ein påminning i postkassa til alle hustandane i Bjerkreim. Me minnar føresette til konfirmantane om å hjelpe konfirmantane med oppgåva seinart tysdag 23. mars. Her er […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  8. Bjerkreim sokn

    Årsmelding for Bjerkreim sokn 2020

    Den 14. mars vart det avhalde sokneårsmøte for Bjerkreim sokn etter gudstenesta på Vikeså misjonshus.

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt