Saman i stoltheit og glede
Gratulerer med 900-årsjubileet for kyrkja i Rogaland! Saman feirar vi kva rolle kyrkja har hatt for enkeltmenneske og samfunn opp gjennom århundre i vårt fylke. – Eg håper jubileet skaper stoltheit og glede, seier biskop Anne Lise Ådnøy.

– Jubileumsglede skal som all anna glede bli delt med flest mogeleg! I starten av dette jubileumsåret er eg fylt av glede og takk, fortel Ådnøy. – Ei festhelg er allereie gjennomført med stil i de to prostia i Stavanger by. Ingen tvil om at kyrkjemedlemmer og innbyggarar har fått med seg det som skjer. Det har vore overveldande stor oppslutning om dei ulike arrangementa.
Nå gler biskopen seg til å reise rundt i bispedømmet og feire jubileet saman med sokna. Gjennom året skal kvart prosti arrangere ei festhelg med ulike tilbod og møtepunkt som aktualiserer kyrkja i lokalsamfunnet, og Anne Lise Ådnøy blir med på alt saman.
– Eg ser særleg fram til jubileumsgudstenestene i desse festhelgene, og håper å treffe mange folk frå heile fylket!
– Alle treng å bli sett og invitert inn
«Saman» er overskrifta for kyrkja si jubileumsfeiring, og temaet går som ein rød tråd gjennom alle prosjekta i jubileet.
– Vi treng kvarandre som enkeltmenneske og som samfunn, og vi treng alle å bli møtt som medmenneske. Saman skal vi bygge fellesskap og identitet, seier prosjektleiar for kyrkjejubileet Inger Vagle.
Som ein del av Saman-satsinga blir sokna oppfordra til å invitere til gjestebod, der kyrkja inviterer til eit enkelt måltid i samarbeid med lokale aktørar som fotballklubben, frivilligheitssentralen, skolen, kulturskolen eller andre i nærmiljøet.
– Målet er å utvide kjennskapen vårt til lokalmiljøet og senke terskelen for å snakke med kjente og ukjente i nabolaget. Alle treng vi å bli sett og invitert inn i fellesskap, og alle kan vi og vere med å invitera inn. Kanskje akkurat du har lyst å arrangere gjestebod? utfordrar prosjektleiaren.
Jubileumsbåten bind bispedømmet saman
Heilt frå Egersund sitt 400-årsjubileum i pinsen 2023, har kyrkja sin jubileumsbåt reist mellom sokna i bispedømmet. Færingen som blir brukt som stafettpinne er utlånt frå Engøyholmen kystkultursenter. Den har eit seil der kvart sokn kan sette merket sitt.

– Takk til alle sokn som har satt sine «segl» på seglet! Nå begynner det å bli fullt, og vi kan sjå det vakre i at vi høyrer saman i kyrkja, seier biskopen.
– Mange gode assosiasjonar kan knytast til å vere i same båt. Også Andens vind blir konkret og synleg i båt-motivet. Takk til misjonærar, vikingar og vår første biskop, Reinald frå Winchester, som delte ordet om Jesus med området vårt. Aller mest takk til Gud for det levande Ordet som gir glede og håp kvar dag, avsluttar Anne Lise Ådnøy. Vil du lese meir om jubileet og den 900 år lange historia? Gå til www.kirken.no/jubileum2025
Tekst og foto: Stavanger bispedømme
Publisert 28. februar 2025 kl: 08:43, oppdatert 28. februar 2025 kl: 08:43, av Ronny Myksvoll
«Hele Rogaland ber»
Sammen med menigheter fra hele Rogaland ønsker vi å på ny å sette fokus på bønn. I juni blir vi derfor med på en bønnestafett for å be for bygden vår.
Kategori:
- Diakoni
Årsmøte 23. mars
Velkommen til årsmøte for Bjerkreim sokn søndag 23. mars. Møtet blir rett i etterkant av gudstenesta i Bjerkreim kyrkje. Sakliste:1.Velkommen2.Årsmelding 2024, statistikk3.Økonomi4.Eventuelt Lenker til årsmelding og rekneskap for 2024:
Kategori:
- Aktuelt
Søkjer organist/musikalsk leiar med eit hjarte for kyrkjelydsarbeid
Det er ledig stilling som musikalsk leiar 50 prosent fast stilling i Bjerkreim kyrkjeleg fellesråd, Bjerkreim sokn. Arbeidsbeskrivelsen vil delvis bli utforma i samarbeid med den som vert tilsett. Kva vi ser etter Vi søkjer etter ein person som er interessert i å ivareta, styrke og utvikla det musikalske livet i kyrkja. Personlege kvalifikasjonar og […]
Kategori:
- Aktuelt
Velkomen til jubileumshelg!
Velkomen til jubileumshelg i Dalane Prosti 7.-9. mars 2025. Då markeres at kyrkja i Rogaland er 900 år! Det blir eit variert program med alt frå pilegrim, dans, idrett, drama, kino og gudsteneste. Bidragsytere frå heile Dalane. Sjå vedlagt program FREDAG 7. MARSKl.17:00-18:30 Egersund kirke: Barnesangkveld. Ravn, Elsa Mus og Katten Kim i Ravnekjerkå dukketeater har […]
Kategori:
- Aktuelt
Saman i stoltheit og glede
Gratulerer med 900-årsjubileet for kyrkja i Rogaland! Saman feirar vi kva rolle kyrkja har hatt for enkeltmenneske og samfunn opp gjennom århundre i vårt fylke. – Eg håper jubileet skaper stoltheit og glede, seier biskop Anne Lise Ådnøy. – Jubileumsglede skal som all anna glede bli delt med flest mogeleg! I starten av dette jubileumsåret […]
Kategori:
- Aktuelt
Velkommen til gudsteneste og årsmøte 23.mars
Det vert årsmøte i Bjerkreim sokn rett etter gudstenesta i Bjerkreim kyrkje 23. mars. Her vert det gjennomgang av årsmelding, litt statistikk, økonomi og status for arbeidet vi står i.
Kategoriar:
- Aktuelt
- Gudstenester
- Råd og utval
Julekonsert 2024
Velkommen til gratis julekonsert i Bjerkreim kyrkje sundag 15. desember! I år vil vi ha to konsertar for å få plass til alle aktørane – og for å få betre plass til alle tilhøyrarane. Eli Mari Hadland er konsertansvarleg og konserten blir leda av Ronny Myksvoll. Det blir teke opp offer til KRIK Bjerkreim. Kl. […]
Kategori:
- Aktuelt
Høytidelig vigsling i Bjerkreim kirke
Foto: Ivar Barane. Søndag 1. desember hadde vi en høytidelig diakonvigsling i Bjerkreim kirke der både prest, prost, biskop og diakonirådgiver m.fl. deltok. Ronny Myksvoll ble der offisielt vigslet som diakon i Bjerkreim. I etterkant har det kommet et ønske om å få lagt ut talen på nettsidene for den som måtte ønske å lese den.
Kategoriar:
- Aktuelt
- Diakoni