Tiltak i samband med Covid19.
Kyrkja i Bjerkreim fylgjer nasjonale og lokale reglar for smittevern. Siste oppdatering kom 09.11.2020.
Gudstenester og kyrkjelege handlingar (dåp, vigsler) og gravferder går som vanleg. Kyrkjerådet og KA (Kirkelig Arbeidsgiverorganisasjon) tilrår at fysiske samlingar utanom gudstenester og kyrkjelege handlingar, blir avlyst ut november månad. Aktivitetar for barn skal gå som vanleg så sant det let seg gjera. Det blir Lys Vaken- samling fredag 27. november.
Regjeringa vurderer ikkje kyrkjebenkene som fastmonterte seter. Derfor kan berre 50 personar vera tilstades på ei gudstenestene. Sitjeplassane er merka og dette må fylgjast.
Iflg smittevernlegen i Bjerkreim, skal det ikkje vera allsong på gudstenester. Prest og klokkar syng.
Det blir ikkje nattverd, lystenning m.m. som fører til meir beveglese i rommet.
Ofring skjer med vipps eller overføring til bankkontor. Offerkorg blir plassert ved utgang.
Oversikt over deltakarar blir oppbevart i 14 dagar.
Konfirmantsamlingane blir på nett. Det blir 3 lysmesser sundag 6.desember for konfirmantane og familiane deira.
Det blir lagt ut «torsdagsandakt» kvar torsdag. Velkommen til å fylgja den. Lenke på www.bjerkreimkyrkja.no.
Hovudprinsipp for forsvarleg smittevern i kyrkja sitt arbeid:

- Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar.
- Gode rutinar for hygiene, handvask og reinhald.
- Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
- Avstå frå fysisk kontakt og hald avstand. Det gjeld også utandørs.
- Tilstrekkelig bemanning til stades.
- Avgrensa talet på sosiale kontaktar.
Regjeringa har til mål at julefeiringa skal bli meir normal, men om tiltaka blir oppmjukna i desember er avhengig av utviklinga i smittesituasjonen.
Følg med på nettsida – oppdatering fylgjer fortløpande.
Publisert 10. november 2020 kl: 11:34, oppdatert 10. november 2020 kl: 11:34, av arnfrid
Aktuelt
Ivesdal kyrkje
Ivesdal kapell heiter nå offisielt Ivesdal kyrkje
Kategori:
- Aktuelt
Korona og kyrkja sine arrangement etter 19. januar – opna for aktivitetar for barn og unge
Her finn du kyrkjelyden sin informasjon om korona etter den 3. januar
Kategori:
- Aktuelt
Revisjon av vedtektene for gravplassane i Bjerkreim kommune.
V E D T E K T E R for gravplassane i Bjerkreim kommune (forskrift) - Bjerkreim kyrkjegard, Ivesdal kyrkjegard og Ørsdalen gravplass.
Kategori:
- Aktuelt
Høgtidsgudsteneste juledag 2020
JIPPI !!! Det BLIR høgtidsgudsteneste på juledag også i år i Bjerkreim.
Kategori:
- Aktuelt
Julegudsteneste 2020 i Bjerkreim kyrkje
JIPPI !!! Det BLIR julegudsteneste også i år på Bjerkreim.
Kategori:
- Aktuelt
Julaftansgudsteneste 2020 i Ivesdal kapell
JIPPI !!! Det BLIR julegudsteneste også i år på Ivesdal.
Kategori:
- Aktuelt
Julekonsert 2020 – påmelding
JIPPI !!! Det BLIR julekonsert også i år. Påmelding kan du gjøre her...
Kategori:
- Aktuelt
Korleis feirer du jul? I dag er eg sjå Anna Elisabeth Røynestad og ser litt kva dei forbereder.
Sjå Anna Elisabeth er tre jenter i full gang med baking av kakemenner. Julekrubba er satt fram og me pratar litt om historia til den. I tillegg spør eg litt meir om nokre andre juletradisjoner familien Røynestad har – og litt om korleis dei tenker dei må tilpassa seg korona-situasjonen. Andakten blir tilgjengeleg frå kl […]
Kategori:
- Aktuelt