Vikariat ledig som trusopplærar i 40%

Trusopplæraren vår skal i foreldrepermisjon, og det er difor ledig 40 prosent stilling i eitt år frå 20. februar 2022. Det kan bli aktuelt med forlenging fram til sommaren 2023.

Bjerkreim sokn søkjer ein person som er positiv, strukturert, utadvendt og som trivs med både barn og ungdom. Arbeidet går ut på å planlegge, leie og koordinere ulike trusopplæringstiltak i samarbeid med andre tilsette og frivillige.

Trusopplæringsarbeidet i Bjerkreim er godt innarbeidd. Vi har eit mangfald av tilbod til barn og unge frå 2 – 16 år, eksempelvis 4-årsbok, 6-årsbok, lys vaken, tårnagenthelg og konfirmantarbeid. Arbeidet for dei minste er i samarbeid med kyrkjelydssekretæren og konfirmantopplegget er saman med presten.

Aktuell bakgrunn er f.eks. lærar, barnehagelærar, barne- og ungdomsarbeidar, kyrkjelydspedagog eller student på eit slikt studium. Det er svært positivt med personleg erfaring med å arbeide med barn og unge.  

Søkjaren må vere medlem i Den norske kyrkja. Løn etter avtaleverk for kyrkjeleg sektor. Stillinga inneber ettermiddags- og kveldsarbeid.

Søknadsfrist: 6. desember.

Send søknaden til:
Bjerkreim sokn, postboks 38, 4384 Vikeså, evt på e-post til post@bjerkreimkyrkja.no

Ta gjerne kontakt om du er interessert og lurer på noko!

Spørsmål kan rettast til

Kyrkjeverje Astrid Apalset Vassbø, 91198483 eller soknerådsleiar Kjersti Stendal Bjerkreim, 47646252.

Publisert 10. november 2021 kl: 14:33, oppdatert 10. november 2021 kl: 14:33, av astridav

Aktuelt

  1. Påskesalmar – alle vers

    Bli med og syng påskesalmar i kyrkja! Vi samlast i Bjerkreim kyrkje for å synge gjennom påskesalmane i salmeboka. Fredag 15. mars kl. 18-20 Laurdag 16. mars kl. 14-16 Solistar: Arild Thorsen, barnesanggruppe, Liv Valbjørg Bakke, Synnøve Grøtteland Helland, Sissel Bø, Magnar Edland, Ola Birkeland, Elisabeth Moi Bjerkreim, Monika Asheim, Leif W. Nilsen, Bjerkreim barnekor.Arr.komite: […]

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  2. God jul og godt nytt år!

    Vi i Bjerkreim sokn vil ønske deg en fortsatt god jul og de beste ønsker for 2024! «La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg! I min Fars hus er det mange rom.» Joh 14,1-2a

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  3. Salmekveld / åpen kirke

    Onsdag 6. desember kl 19.00 blir det salmekveld i Bjerkreim kirke. Medvirkende er Eli Mari Hadland, Ola Birkeland, Magnar Edland, Mariia Pavlyk, Ronny Myksvoll, med fler. Vi har ofte hatt åpen kirke disse dagene og denne dagen vil vi kombinere det med salmekveld. Det blir god stemning! Alle er hjertelig velkommen. Image by Ralf Ruppert […]

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Diakoni
  4. Julegaveverksted på Global kafé

    Kommende onsdag, 29. november, blir det julegaveverksted på Global kafé på misjonshuset kl 17.30-19.30. Alle som vil er hjertelig velkommen! Du kan lage krans, flette korger og klippe «snøfnugg» av papir. Ta gjerne med noe julegrønt dersom du har, eventuelt ta med dersom du har en annen aktivitet eller dekorasjon du vil lage. Vi serverer […]

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Diakoni
  5. Bilete av gullkonfirmantane

    Gullkonfirmantar 2023

    Søndag 17. september møttest 23 personar som vart konfirmerte i Bjerkreim i 1973. Dei deltok på gudsteneste først, deretter var det felles middag på Bjerkreim bedehus. Samlinga var i regi av soknerådet.

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  6. Resultat av kyrkjevalget i Bjerkreim

    Det var totalt 281 personar som stemte ved kyrkjevalet i Bjerkreim. Av desse stemte 192 på bispedømerådsvalet og 233 på soknerådsvalet. Ein kunne stemme på eitt eller begge vala. På førehand stemte 65 personar digitalt og 25 personar på papir. Resten stemte på vanleg måte på valdagen. Soknerådsvalet: Valborg Bjerkreim          431 Jane Fuglestad Rønning                414 […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  7. Kvifor stiller kandidatane til soknerådet til val?

    13 kandidatar har sagt seg villege til å stille til nytt sokneråd. Vi har spurt dei kva dei ynskjer å arbeide særleg med framover: Jane RønningEg brenn for å ha eit godt trusopplæringsopplegg for ungane. Valborg BjerkreimEg ynskjer å bidra til ei folkekyrkje der barn og unge i kommunen føler seg heime.  Andreas OslandMitt håp […]

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Råd og utval
  8. Førehandsstemming til kyrkjevalet

    Du er velkomen til førehandsstemming til kyrkjevalet frå 10. august (digitalt), og frå 22. august (på kyrkjekontoret). Alle som fyller 15 år i 2023 eller før kan stemme ved kyrkjevalet. Allereie frå 10. august kan du førehandsstemme til soknerådsvalet og bispedømerådsvalet digitalt. Gå inn på valportalen www.kirkevalget.no og bruk BankID. Dette er ein enkel og […]

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt