Konfirmant
Denne sida er fyrst og fremst for deg som er konfirmant og deg som er føresett til ein konfirmant.
Me prøver å ha informasjon her som er aktuelt nå. Det eine konfirmantåret går fort over i det andre, så det kan hende at noko av informasjonen her er tiltenkt førre konfirmantår .. eller neste.
Korona: all planlagd konfirmantundervisning er utsett inntil vildere. Me vil prøve å lage nettbasert konfirmantundervisning. Dette vil dukke opp «plutselig», men me gjer beskjed her på nettstaden, på Facebook gruppa og med SMS når noko er klart.

Neste:
Konfirmant 2021: Brev med informasjon om konfirmasjon for 2021 frå kyrkja sentralt er sendt til 2005-kullet.
Konfirmant 2020: nettundervisning med tema «Synd og tilgjeving» er under utarbeiding.
Gudstenester i konfirmasjonstida
På grunn av korona vil me godkjenne fremmøte for alle sammen.
I løpet av året må konfirmanten sjølv sørge for å gå på nokre gudstenester. I løpet av året reknar me 10 gudstenester som normalen (obligatorisk). Med i dette reknestykket er sjølvsagt også:
– Prestentasjonsgudstenesten
– Gudstenesta på kortweekend
– Lysmessa
– Gudstenesta på langweekend
– Samtalegudstenesten
– Konfirmasjonsgudstenesten
Andre anbefalte gudstenester å få med seg er gudstenesten på KRIK cup og consert., ein ungdomsgudsteneste, julaftansgudstenesta og påskedagsgudstenesta. Men om det blir desse aller andre gudstenester, kan du styre sjølv.
Ideen med gudstenestene er å gjere konfirmanten kjent med korleis me feirer gudsteneste i kyrkjelyden og å gje konfirmanten ein varig plass i det gudstenestefeirande felleskapet.
Oversikt over konfirmasjonsåret
Informasjonsmøte
Kortweekend
Presentasjon
Gruppesamlingar (haust)
Lysmesse
Gruppesamlingar (vår)
Langweekend
Fasteaksjonen
Konfirmantlaurdag
Samtale- og konfirmasjonsgudstenester
Les detaljane her
Andre kristne arrangement..
På grunn av korona vil me godkjenne fremmøte for alle sammen.
I løpet av året må konfirmanten sjølv sørge for å få med seg minst 6 andre kristne arrangement. Dette kan være Yngres, fredagsklubben, fredagstreff, BKU, BUK og mykje anna.
Ideen er å gjere konfirmanten kjent med det kristne arbeidet i bygda (og då for ungdom spesiellt), og å gje konfirmanten ein varig plass i kyrkjelyden.