Ørsdalen kapell og grendehus er borte

Søndag 1. mars 2020 brant Ørsdalen grendehus ned til grunnen. Sjølvsagt er dette eit hardt slag for alle innbyggjara i Ørsdalen .. pluss alle med tilknytting til bygda .. Bjerkreim sokn deler bygda si sorg og sakn og fortviling over at bygget nå ikkje er der meir.
Søndagen føre (24. februar 2020) var det også brann i bygget. Den gangen ble brannen slukket før den blei for omfattande. Søndagen etterpå var det altså ny brann i bygget. Denne gangen brant bygget ned. Politiet gjer mandag kriminaltekniske undersøkinger for å finne årsaka til brannane. Dei ynskjer også å komme i kontakt med vitner som kan ha sett noe av interesse i forbindelse med brannane.
Grendahuset er kommunalt, men det har vore eit eige driftstyre for bygget. Deler av grendahuset var avsatt og innredet som kapell.
Ørsdalen kapell
Ørsdalen skule, kapell og grendehus vart teikna av skulesjef Lars Ramsli. Det er lenge sidan det har vore skule i bygget. Ørsdalen kapell vart vigsla 20. august 1978. Her har bygda samla seg i frå bygget var nytt i både sorg og glede. 25-års jubileum vart markert på gudstenesta 19. oktober 2003.

I altarpartiet har det vore altar med eit enkelt trekors, altarring, døypefont og nattverdsutstyr. Eit piano har fungert som standard kyrkjeinstrument.
Når det har vore gudstenester eller andre kyrkjelege handlingar i bygget, har gymsalen fungert som kyrkjeskip. Ei faldedør inn til altarpartiet har vorte opna når bygget har vore nytta som kyrkje. Elles har faldedøra vore stengt og såleis skilt og beskytta sjølve altarpartiet og det kyrkjelege inventaret, slik at resten av rommet kan ha blitt nytta som gymsal ..eller kva som helst.
Dei siste åra har me lagt særleg vekt på to gudstenester i dette kapellet. Den eine er gudstenesten i romjula som har vore kombinert med juletrefest, og den andre er ein gudsteneste i starten av mai i samarbeid med sundagsskulane i Bjerkreim. Det har vore fulle hus i slike høve.
Kva som vil skje vidare i forhold til planlagte og kommande gudstenester og kyrkjelege handlingar må Bjerkreim sokneråd finne ut av. Sjølv om det er naturleg at gravferdar til Ørsdalen kyrkjegard frå nå av blir forretta i frå Ivesdal kapell, er det greitt med ein formell avklaring. Og gudstenesta som er sett opp 3. mai i år, må ein også finne eit alternativ for. Soknerådet i Bjerkreim har møte på torsdag denne veka (5. mars kl 19.30). Det er naturleg at slike sider av saka blir drøfta der.
Nokre eksterne referansar:
Stavanger Aftenblad om brannene i grendahuset
NRK Rogaland om brannene i grendahuset
Dalane Tidende om brannen sundag 24. februar
Dalane Tidende om brannen sundag 1. mars
Publisert 2. mars 2020 kl: 10:07, oppdatert 2. mars 2020 kl: 10:07, av
Kyrkjer
Ørsdalen kapell og grendehus er borte
Søndag 1. mars 2020 brant Ørsdalen grendehus og kapell ned til grunnen.
Kategoriar:
- Aktuelt
- Gudstenester
- Kyrkjer
- Livets gang
Vigsling av nye felt på Bjerkreim kyrkjegard
Sundag 31. august vart 3 av dei nye felta på Bjerkreim kyrkjegard vigsla. Den nye gravplassen har 5 felt: Felt J 113 graver, felt L 83 graver og felt Q har 30 graver. Felt P har 25 graver og felt N 9 graver. Felt N er for muslimar og felt P er for dei som ikkje ønskjer å verta gravlagt i vigsla jord.
Kategoriar:
- Aktuelt
- Gudstenester
- Kyrkjer
- Livets gang
Barnekrok i kyrkjene
Barnekrokane våre treng leiker
Kategoriar:
- Aktuelt
- Gudstenester
- Kyrkjer
Velkommen til Bjerkreim menighet.
Om du har budd her lenge eller berre ei kort tid, vil me ønskja deg velkommen til Bjerkreim menighet. Velkommen til kristent fellesskap! Vi håpar du vil kjenna deg heime og sjå deg sjølv som verdfull i Guds kyrkje. Håpar du kan finna deg eit fellesskap der du kjenner deg trygg og kan vera deg sjølv.
Kategoriar:
- Aktuelt
- Kyrkjer
Bjerkreim kyrkje
Bjerkreim kyrkje er bygd i 1835. Det er ei langkyrkje i tre.
Kategori:
- Kyrkjer
Ørsdalen kapell
Ørsdalen kapell vart vigsla 20. august 1978. 25-års jubileum vart markert på gudstenesta 19. oktober 2003.
Kategori:
- Kyrkjer
Ivesdal kyrkje
Ivesdal kapell vart bygd i 1876/77. Kyrkjelyden feira 125-års jubileum sundag 10. november 2002. Samstundes vart den nye kyrkjegarden der vigsla.
Kategori:
- Kyrkjer
Gje oss forslag til sangar og salmar m.m.
Vi vil gjerne at kyrkjelyden kan komme med forslag til sangar, salmar, og anna som me kan bruke i framtidige gudstenester
Kategoriar:
- Aktuelt
- Gudstenester
- Kyrkjer