Velkommen til Bjerkreim menighet.

Det er stor breidde og mange ulike aktivitetar – både for barn, ungdommar og vaksne.  Det er eit godt barne- og ungdomsarbeid her. Håpar dette kan inspirera deg til å senda barna dine til slike tilbod. Her fylgjer ein oversikt over kristent arbeid.

Kyrkja sitt arbeid.

I Bjerkreim kyrkje er det gudsteneste annankvar sundag kl. 11.00.  Det vekslar mellom høgmesse, G 3 og familiegudsteneste. Ein laurdagkveld i månaden er det ungdomsgudsteneste. Ein gong kvar månad er det gudsteneste i Ivesdal kapell.  I Ørsdalen kapell er det gudsteneste ca. 4 gonger i året. Det er barnesamling på dei fleste gudstenester utanom familiegudstenester.

I tillegg er det G2 gudsteneste på Vikeså misjonshus kl. 17.00 ca. ein gong i månaden.  Felles kveldsmat etter gudstenesta.

Tiltak innan trusopplæring som kyrkja driv:

  • Babysang – kvar fredag i kjellaren på Bjerkreim bedehus.
  • På familiegudsteneste får 2 åringane får utdelt bok og leikelam. I tillegg fylgjer ei samling.
  • 4-åringane får bok i kyrkja.  Derette fylgjer ei adventsamling.
  • 5-åringane – samling.
  • 6-års bok og invitasjon til dåpsskule (annankvart år på Bjerkreim og Vikeså for 2 årskull – 6 og 7 åringane).
  • Jule-, påske- og pinsevandring.
  • Tårnagenthelg for 7 – 8 åringane.  Samarbeid med Vikeså søndagsskule.
  • Lys Vaken – 9 – 10 år.
  • Kode B – bibelvandringstreff for 11-åringane.  Dei får utdelt bibel i kyrkja.  Deretter fylgjer bibelvandringstreff og avsluttingsfest.
  • Konfirmasjonsundervising og konfirmasjon.
  • Ungdomsgudstenester – samarbeid med Bjerkreim kr. ungdomslag.
  • Trafikalt grunnkurs – 15 – 16 åringane. Samarbeid med Høien trafikkskole.

Bjerkreim bedehus:

Minsten – kvar tysdag kl. 09.30 – 11.30.  Samling for vaksne og barn i førskulealder.

Søndagsskule – dei søndagane det ikkje er gudsteneste i kyrkja.

Barnekor – 1. – 7 klasse – øving kvar torsdag kl. 17.00.

Jentelag – annankvar måndag for jenter f.o.m. 2. klasse og oppover til ungdomsskulealder.

Guttelag – Jentelag – annankvar måndag for gutar f.o.m. 2. klasse og oppover til ungdomsskulealder.

Yngres – 5.- 7. klasse – den måndagen det ikkje er gutte- og jentelag.

Fredagstreff – ope hus for ungdom annankvar fredag frå kl. 21.00 – 24.00. Tilbod frå 8. klasse og oppover.

Ein laurdag kvar månad er det ”Laurdagskveld på bedehuset” for heile familien. Folk i alle aldrar.  Startar med felles kveldsmat kl. 18.00 m/ påfylgjande samling og barnesamlingar.  Kaffi og kaker til slutt.

Dei ulike misjonsorganisasjonane har sine samlingar på bedehuset.  Det er mange misjonsforeningar som har møter, bibeltimar, basarar m.m. Bibelgrupper og husfellesskap samlast rundt om i heimane.

For fleire opplysningar www.bjerkreimbedehus.no

Vikeså misjonshus.

Søndagsskule – dei søndagane det ikkje er gudsteneste i kyrkja.

Barnekor – Vikeså Pre-Soul children 1.- 4. klasse og Vikeså Soul children 5. – 7. klasse  –- kvar torsdag kl. 17.00.

Korverttklubben – gutar i 2. – 4. klasse.  Annankvar måndag.

Yngres – 5. – 7. klasse – annankvar måndag.

Fredagsklubb – ope hus for ungdom annankvar fredag frå kl. 21.00 – 24.00 – frå 8. klasse og oppover.

Dei ulike misjonsorganisasjonane har sine samlingar på misjonshuset.

For fleire opplysningar www.vikesaamisjonshus.no

 Det er gutte- og jentelag og søndagsskule på Ognedal bedehus.

I Ørsdalen er det gutte- og jentelag.

Ungdomsarbeid (vekslar mellom Bjerkreim bedehus og Vikeså misjonshus.

Fokus – for unge vaksne – samling ein fredag i månaden.

Bjerkreim kr. ungdomslag – samling på laurdagar.

Bjerkreim kr. ungdomskor – øving i kulturbanken på sundagar.

Fredagstreff (Bj.bedehus) og Fredagklubb (Vikeså misjonshus).

KRIK har eit aktivt lag i Bjerkreim.  Besøk gjerne nettsida www.krikbjerkreim.wordpress.com  

Meir info på nettsida www.bjerkreimkyrkja.no. 

Lurer du på noko, er du velkommen til å ta kontakt med kyrkjekontoret, tlf. 51201198/97 eller E-post til:  post@bjerkreimkyrkja.no.  Me kan hjelpa deg til vidare kontakt.

Publisert 28. januar 2014 kl: 00:00, oppdatert 28. januar 2014 kl: 00:00, av Leif Wikøren Nilsen

  1. Torsdagsandakt i sommerdrakt

    Torsdagsandakt i sommerdrakt 2. august 2020

    Her finn du tordagsandakt på en søndag(!) denne veka. Dagens gjest er Øyvind Sjøtrø. Me tok oss opp på Storafjellet for å se litt til den flotte nye gapahuken der.

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Direktesendingar
  2. Torsdagsandakt i sommerdrakt

    Torsdagsandakt i sommerdrakt 30. juli 2020

    Her finn du tordagsandakten denne veka. Dagens gjest er Magnus Helland. Me besøker ham på hytta hans. Den ligg på Lindnes ved Ørsdalsvatnet.

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Direktesendingar
  3. Torsdagsandakt i sommerdrakt

    Torsdagsandakt i sommerdrakt 23. juli 2020

    Hva er egentlig motivasjonen til Bjerkreims raskeste tobarnsmor? Vi må til Solbjørniben for å finne det ut.

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Direktesendingar
  4. Torsdagsandakt i sommerdrakt

    Torsdagsandakt i sommerdrakt 16. juli 2020

    Her finn du tordagsandakten denne veka. Dagens gjest er Christoffer Songe. Eg har blitt med på ein tur i Åsen på Vikeså.

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Direktesendingar
  5. Torsdagsandakt i sommerdrakt

    Torsdagsandakt i sommerdrakt 9. juli 2020

    Johan Vassbø tar meg med til Øyravatnet og fortel den forferdelege historia om kva som skjedde her med onklar og tante til bestemora hans, Birte Marie, Viljen og Lars.

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Direktesendingar
  6. Torsdagsandakt i sommerdrakt

    Torsdagsandakt i sommerdrakt 2. juli 2020

    Her finn torsdagsandakten denne veka. Dagens gjest er Sylvi Slettebø. Sylvi tar oss med til ei av bikubene hennar på Monæ.

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Direktesendingar
  7. Torsdagsandakt i sommerdrakt

    Torsdagsandakt i sommerdrakt 28. juni 2020

    Her finn du tordagsandakt på en søndag(!) denne veka. Dagens gjest er Alf Sigurd Ognedal. Eg har blitt med på ein tur frå Runaskaret til Nedrebø.

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Direktesendingar
  8. Torsdagsandakt i sommerdrakt

    Torsdagsandakt i sommerdrakt 25. juni 2020

    Her finn du denne veka sin andakt. Dagens gjest er Kåre Mjølhus, prosten i Dalane. Me har tatt turen til Dvergasteinen.

    Publisert:

    Kategoriar:

    • Aktuelt
    • Direktesendingar