Liberia

Vårt misjonsprosjekt

Bjerkreim kyrkje har misjonsavtale med Misjonsalliansen. Gjennom dette støtter me Misjonsalliansen sitt arbeid i Liberia. Misjonsalliansen har hatt arbeid i Liberia sidan 2009, og har hovedkontoret sitt i Monrovia. Dei samarbeider nært med lokale kyrkjer i landet. Misjonsalliansen er mellom anna med på å byggje skular for å gje fleire born høve til utdanning. Misjonsalliansen er også med på å byggje toaletter og brønner, samt at misjonen driv eit utstrekt førebyggande arbeid omkring hygiene og håndvask både på skular og i lokalsamfunnet. Misjonen driv også med microfinans.

Dette og fleire oppgåver kan du lesa om på https://misjonsalliansen.no/land/liberia

Misjonsutvalet

Bjerkreim sokneråd har eit eige misjonsutval. I dette utvalet sit Liv Valbjørg Apeland Bakke (leiar), Monika Vassbø, Annbjørg Gravdal Larson og Leif Wikøren Nilsen (sokneprest). Mandatet til misjonsutvalet handlar om å halde misjonstanken framme, særleg i forhold til kyrkjelydens misjonsprosjekt. Dette knyttast oftast til når det er takkoffer til misjonsprosjektet i kyrkja, men me ynskjer også at det skal være langt framme i tanken for øvrig.

Misjonsutvalet i Bjerkreim fortel om misjonsprosjektet pr februar 2021