4-års samling

Håper barnet dykkar har hatt glede av boka med kvardagsforteljingar om Bo og Nora og morosame teikningar, men og bibelforteljingar om Jesu liv og virke, liturgi, bøn, salmer og songar.

Vi inviterer til ei samling i kyrkja med bibelforteljing, song, formingsaktivitet og mat. På denne samlinga vert barna og med rundt i kyrkja og får sjå nærare på døypefonten, lysgloben og preikestolen.