Bli gjevar til undervisningsarbeidet i Bjerkreim kyrkjelyd!
Verdsett at evangeliet vert fortalt til barn og unge i Bjerkreim
La dine pengar få betydning!
Me ynskjer å oppmoda deg til å gje gåve til undervisningsarbeidet i Bjerkreim kyrkjelyd.
Det er ikkje storleiken på beløpet som er det viktigaste, men at du vil støtta arbeidet – anten regelmessig eller ved ei enkelt gåve.
Kva går pengane til?
Bjerkreim kyrkjelyd driv eit omfattande og allsidig arbeid. Innsamla midlar vert brukt til undervisningsmateriale i arbeidet for barn og ungdom.
- Bok til dåpsforeldre
- Innramma diplom til dåpsbarna
- Dåpshelsingar
- Barnebibel til 4-åringane
- Bøker til dåpsskulebarna
- Lys vaken
- Tårnagenthelg
- Trafikalt grunnkurs
- Biblar til 6. klassingane
- Materiell til konfirmantundervisninga
- Materiell til leiarkurs for ungdom
- m.m.
Målet er at fleire får sjå Jesus og verta inkludert i felleskapet
Korleis kan du gje?
Du kan gje ei enkel gåve fast kvar mnd., kvartal, halvår eller år. Å leggja inn fast forfall i nettbanken, er ein enkel måte å gje på. Du kan også avtala med banken din å overføra ein fast sum t.d. kvar mnd. Du kan òg få tilsend giro ved å ta kontakt med kyrkjekontoret, tlf. 51201198. Gåva kan overførast til
Bjerkreim sokneråd
Postboks 38
4384 Vikeså
Kontonummer 3344.07.11257
Skattefordelar
Vilkår for skattefrådrag er at beløpet må være minst 500 kroner i året og personnummer må oppgjevast – så hugs å opplysa kven som har betalt og personnummeret. Maks grense for skattefrådrag i 2019 er 50.000 kr.
Publisert 30. juni 2010 kl: 00:00, oppdatert 30. juni 2010 kl: 00:00, av Leif Wikøren Nilsen
Utsett undervisningslaurdag for konfirmantane
Eg har tatt ein sjefsavgjersle her på kontoret og utsett siste "konfirmantlaurdag" (som var sett opp 17. april), til laurdag 29. mai.
Kategoriar:
- Aktuelt
- Konfirmant
Ny rapport fra misjonsprosjektet i Liberia!
Les rapporten fra misjonsprosjektet som vi støtter i Liberia! Hvordan har det egentlig gått under pandemien? Hva blir pengene brukt til?
Kategoriar:
- Aktuelt
- Råd og utval
Musikkgudsteneste/Salmekveld i Ivesdal kyrkje fredag 9.april er AVLYST pga pandemien.
«
Kategori:
- Aktuelt
Påskedagsgudsteneste 2021
Beklager at linken til gudstjenesten i dag ikke kom ut på nettsiden! Her er den, for de som ikke fant den i sted. Da vi ankom kirken i dag var det plutselig to kameraer som ikke var samarbeidsvillige og to timer etterpå ved gudstjenestens start var situasjonen den samme. Nå, etter gudstjenesten såklart, virker alt […]
Kategoriar:
- Direktesendingar
- Gudstenester
Covid 19 og arrangement frå 25.mars til 12.april. Påskehøgtida 2021.
Etter regjeringa sin pressekonferanse tysdag 23.03.2021 kom det nye restriksjonar og strengare smittevernreglar. Situasjonen er landet vårt er alvorleg, og vi må gjera alt vi kan for å hindra smittespreiing. Alle gudstenester fram til 12. april skal derfor avlysast – både innandørs og evt utegudstenester i heile bispedømmet. For oss i Bjerkreim betyr det: Gudstenesta […]
Kategori:
- Aktuelt
Årets fasteaksjon blir digital i Bjerkreim
Dermed er den vanlege måten du kan gje på via VIPPS, overføring på konto, eller med SMS. Men du får ein påminning: Konfirmantane i Bjerkreim går rundt og legg ein påminning i postkassa til alle hustandane i Bjerkreim. Me minnar føresette til konfirmantane om å hjelpe konfirmantane med oppgåva seinart tysdag 23. mars. Her er […]
Kategori:
- Aktuelt
Årsmelding for Bjerkreim sokn 2020
Den 14. mars vart det avhalde sokneårsmøte for Bjerkreim sokn etter gudstenesta på Vikeså misjonshus.
Kategori:
- Aktuelt
Kyrkjeverje/dagleg leiar – Bjerkreim sokneråd
Fast 100% stilling ledig frå 01.09.2021. Bjerkreim sokn og Bjerkreim kommune har samanfallande grenser. Bjerkreim kommune ligg i Sør-Rogaland ca. 50 km sør for Stavanger. Kommunen har 2791 innbyggjarar. Bjerkreim er ein del av Dalane prosti og er ein eit-sokns-kommune. Soknerådet er derfor både sokneråd og kyrkjeleg fellesråd. Det er 2 kyrkjer – Bjerkreim kyrkje […]
Kategori:
- Aktuelt