Dåpsskule

Dåpsskulen er eit tilbod for alle 1. og 2. klassingar, annankvart år ved Bjerkreim/Vikeså skule. 2020 var det i Bjerkreim og grunna koronaviruset blei avslutningsgudstenesta utsatt på ubestemt tid.

Kvifor dåpsskule?

Kyrkja ynskjer å hjelpe foreldre og faddare med opplæring i den kristne trua for alle døypte barn.

Gjennom dåpsskulen vil kyrkja gje borna opplæring i sentrale forteljingar frå bibelen.

frå Trusopplæringsplanen

Samlingane består av samlingsstund/bibelforteljing, song, lage teiknefilm, formingsaktivitet – eller annen aktivitet og leik.

Dåpsskulen er et tilbod for alle medlemmer av kyrkja som går i 1. og 2. klasse. Invitasjonen er sendt etter kyrkja sitt medlemsregister. Dersom ein ikkje er medlem, er ein sjølvsagt og velkommen til å vera med

Dei to siste åra har vi laga teiknefilm! Barna har teika og laga lydeffekter. Det var ein innertier for barna. Filmane kan du sjå på kanalen vår på YouTube

Trosopplærer som underviser barna på dåpsskolen