Lys vaken

Lys Våken
Lys Våken

Lys Vaken er eit overnattingsopplegg i kyrkja for 4. klassetrinn (9 åringar). 

Navnet Lys Vaken handler ikkje om at vi skal vera vakne heile natta, men at vi skal vera vakne overfor det som skjer i oss og rundt oss. Vi skal vera vakne overfor Gud, kvarandre og oss sjølve. Ikkje minst kan vi oppleve at Gud er Lys vaken for oss. Samlinga gjennomføres nær adventstida og starten på eit nytt kyrkjeår. Advent handler jo nettopp om lyset som kom til verda.

Kom og bli med på samlingar med bibelforteljing, leik, film, dans, formingsaktivitetar, nyttårsfeiring og god mat.