Tårnagenthelga har fått ny dato! Utsatt til 4. og 5. februar 2017!

NYE INVITASJONAR KJEM I POSTEN PÅ NYÅRET!

Kjære 3.klassing med føresette

Bli med på Tårnagenthelg

Laurdag og søndag 4. og 5. november 2017

inviterer vi deg til å vere Tårnagent i Bjerkreim kyrkje.

Bjerkreim Kyrkjelyd, i samarbeid med Vikeså søndagsskule, inviterer denne helga alle 3. klassingar i Bjerkreim til å vere Tårnagentar i kyrkja.

Her kan du utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene.

Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, du vil få ein eigen agentkode og på søndagen vil alle som kjem til kyrkja få vite litt av kva agentane har funne ut.

Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag.

Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterium

Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet?

Vi vonar du har lyst å vere med på dette.

Englevakter

Til dykk som har ein 3.klassing i huset. Vil de vere Englevakter?

Ein Englevakt er ein som er med nokre timar denne helga, følgjer borna opp i kyrkjetårnet, hjelper til med maten, går saman med dei på symboljakt

Påmelding

Påmelding for barn og Englevakter skjer innan 20. januar til kyrkjekontoret

PS: Ta med ei lommelykt.

Informasjon ved påmelding:

Namn på agent: 

Spesielle ting vi bør vite (allergiar eller tilrettelagt undervisning):

Namn foreldre / føresett:

Mobil: 

Kan vere englevakt :

Les meir på den hemmelege nettstaden til Tårnagentane  www.tarnagentene.no

Bruk gjerne e-post når de meldar på: post@bjerkreimkyrkja.no eller telefon: 51201198

Helsing – fullt hemmeleg – frå oss i Bjerkreim kyrkjelyd og Vikeså søndagsskule

 

Publisert 4. oktober 2016 kl: 00:00, oppdatert 4. oktober 2016 kl: 00:00, av Leif Wikøren Nilsen

  1. Frå tysdag 23.02 kan fleire samlast.

    Det er godt nytt for alle. Kravet om fastmonterte seter er erstatta av krav om faste tilviste plassar. Det blir lov å samla inntil 100 personer på arrangement i tillegg til medverkande, når deltakarar får ein fast tilvist plass. Fast tilvist plass vil seia at deltakarane får tildelt ein plass eller blir vist plassen dei […]

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  2. Vikeså Misjonshus

    Digital gudsteneste fastelavnssundag 14. februar 2021

    Her vil du finne sundagens gudsteneste 14. februar 2021. Gudstenesten vil være mulieg å sjå fra kl 11.00.

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  3. Konfirmant 2021

    Konfirmanttimar

    Korona betyr enno ending i opprinneleg plan. Det blir konfirmantsamling dei 2 neste tysdagane i Bjerkreim kyrkje 9. og 16. februar kl 18.00-19.30.

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  4. Dåpsskolen – utsatt oppstart

    På grunn av de nye smittevernreglene som har kommet må vi dessverre utsette oppstart – i første omgang til torsdag 21. januar. SAMTIDIG utsetter vi også fristen for påmelding! Fint hvis så mange som mulig kan melde seg på før tirsdag 12. januar

    Publisert:

    Kategori:

    • Trusopplæring
  5. Ivesdal kyrkje

    Ivesdal kyrkje

    Ivesdal kapell heiter nå offisielt Ivesdal kyrkje

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  6. Korona og kyrkja sine arrangement – opna for aktivitetar for barn og unge

    Her finn du kyrkjelyden sin informasjon om korona etter den 3. januar

    Publisert:

    Kategori:

    • Aktuelt
  7. Ivesdal kapell

    Julaftengudstjeneste fra Ivesdal Kapell Direkte

    Her kan du se gudstjenesten fra Ivesdal kapell. Gudstjenesten begynner ca 15 minutter inn i videoen. Julaftangudsteneste fra Ivesdal Kapell 2020

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategoriar:

    • Direktesendingar
    • Gudstenester
  8. Revisjon av vedtektene for gravplassane i Bjerkreim kommune.

    V E D T E K T E R for gravplassane i Bjerkreim kommune (forskrift) - Bjerkreim kyrkjegard, Ivesdal kyrkjegard og Ørsdalen gravplass.

    Publisert:
    Oppdatert:

    Kategori:

    • Aktuelt